tirsdag 16. februar 2010

165) Rut 1, 16-22.


PÅ SAME VEG
165) Rut 1, 16-22.

       Dette er vakre og talande vers!
       Rut var altså på same veg som No'omi – også åndeleg tala. Ho hadde fått same heimland, same folk og same Gud. Med det forlet ho alt sitt eige og alle sine. I grunnen eig kvar kristen det same vitnemålet som Rut bar fram her. Og kan henda er det dette som skil dei sanne og dei falske truande. Difor vil me stansa litt ved det vitnemålet.

Gode føredøme
       Ho seier: Din Gud er min Gud. Før hadde ho levd mellom avgudar og var vaksen opp i det heidenske Moab. Sikkert var ho ein ekte heidning som hadde levd ungdomslivet som heidning. Så vart ho gift inn i familien til No'omi og Elimelek. Der budde ho ei tid. Det står ikkje noko om kva som gjorde at ho fekk eit nytt syn her. Men truleg var Elimelek og No'omi gode føredøme og levde som ekte jødar i tru på sin Gud. Eit slikt liv kan ikkje vera utan frukt. Dei som ser eit sant åndeleg liv, vil merka det og bera preg av det. Då Ryt såg det og høyrde husfaren Elimelek be til Jahveh, kunne ho ikkje stå imot og vart ein truande. Ho såg etter kvart at dei hadde ein levande Gud og ikkje døde avgudar som ho.
       Dette hende i dommartida i Israel frå ikr. 1100 f.Kr. Då levde nok historia om Herren sine underfulle gjerningar i Egypt og i øydemarka i Israels folk. Her har nok Rut fått høyra om ein Gud av eit heilt anna slag enn det ho hadde høyrt om før.Og trua vart fødd i hjarta hennar då ordet om Gud lydde. Og ho var lydig, forlet avgudane og vart ein israeltruande.

Farvel du brede strede, jeg bytter vennelag¼
       At dette er sant, ser me av det neste: Ditt folk er mitt folk. Ho kjende seg eitt med det folket som No'omi tilhøyrde. Ho trivdes der og skjøna vel med åra at ho høyrde til der. Då No'omi ville dra, kunne ho ikkje tenkja tanken at ho skulle vera att åleine utan henne. For jødekvinna No'omi var blitt hennar rette folk. Banda til moabittarane var løyste etter desse åra og samværet med henne.
       Og er det ikkje slik med truande folk til alle tider? Den som er fødd av Gud og har teke imot evangeliet, blir løyst frå verda. Gamle vener og deira interesser har så lite å seia nå. Nå har han fått noko nytt. Dei truande er blitt hans folk. ”Farvel du brede strede, jeg bytter vennelag¼

Trivsel i slekta
       Vitnemålet til Johannes var slik: Me veit at me er gått over frå døden til livet, for me elskar brørne. 1.Johs 3,14. Og brørne er dei truande, Guds vener på jord. Det er eit kjennemerke på dei frelste. Har me ikkje bruk for og trivest saman med Guds folk, er det grunn til å spørja om noko er sjukt og galt med gudslivet vårt. Me er ikkje skapt og frelst til å gå åleine og tru at berre me har rett i alt. Å fødast på ny fører med seg at me kjenner oss i slekt med andre frelste. Og det gjeld også om me ikkje alltid er samd med dei i visse spørsmål. Er dei på veg til himmelen, er dei mine åndelege slektningar.

Med Jesus – i alt
       Vidare seier Rut slik: Dit du går vil eg gå, og der du bur vil eg bu. Der du døyr vil eg døy. Det er uttrykk for at ho er viljug til å gå alle stader der No'omi går. Ingen ting skal kunne skilja dei. Det kunne nok bli ei strabasiøs reis mellom øydemark og hei. Og ikkje visste dei kva dei møtte der i Betlehem heller. Rut hadde sikkert høyrt om grunnen til at dei reiste frå byen. Det var uår og naud. Det var ikkje noko enkelt og lett liv dei no tok til på. Likevel sa ho: Eg vil dela kår med deg.
       Og nett den innstillinga er så viktig for ein kristen til alle tider. Ikkje berre i medgang og lyse dagar, men i alt vil me gå med Jesus. Og målet er der framme, det vil me nå.
       Orpa hadde aldri skjøna dette. Ho hadde berre vore i lag med desse israelittane i det ytre. Ho tok den lettaste vegen då det røynde på.
       Rut derimot – ho hadde smakt av Guds godleik. Og ho overlet seg og framtida si i Guds hender. Hendinga vidare skal visa at det var trygge hender å leggja livet sitt i. Slik er og livet for ein kristen. Rut er eit godt døme på ein truande.
       Då No'omi såg at ho stad fast på sitt, slutta ho å overtelja henne. Ho skjøna at Rut hadde ei sterk tru og vilje til å gå med henne.

FØDD I SMERTE, v-19-22.
       Det har ofte vore slik at store verk – menneskeleg tala – er blitt fødde i sorg og naud og stor smerte. I medgangstider skjer ofte berre meir overflatiske ting. Me kan tenkja på songar. Dei songar og salmar som ikkje berre blir slagerar og døgnfloger, er som regel skrivne i tunge tider og fødde i smerte. Slik var det t.d. med salmane til Brorson. Få hadde så tunge dagar som han i livet, og få salmar har slik tyngde i innhaldet. Difor skulle me eigentleg takka Gud for alt som hender. Gud vil oss noko med det han legg i vegen vår. Me får heller vera tålsame ogventa på svaret kva det er.

Tilflukt i nauda
       Då – i denne nauda – søkte altså No'omi heim att, v. 19. Og no kjenner ho seg useieleg fattig, v. 20f. Ho hadde hatt fulle hender, men sat no att tomhendt. Og det var Gud som hadde lete det gå slik. Djupast sett var det slik, og det treng ikkje liggja nokon anklage mot Gud hjå henne i desse orda.
       Her legg me merke til at det først no, når alle hennar næraste var døde, at ho søkte heim att. Ei enkje hadde faktisk ingen ting å leva av i gammal tid. Så ho hadde ikkje stort anna å gjera enn å søkja heim til slekta si.
       Og er det ikkje ofte slik i livet? Gud må gjera oss små før me tek vår tilflukt til han. Han må ofte ta fra oss det me gleder oss over og lever for. Gud gjer alt dette av kjærleik, sjølv om det ikkje smakar slik medan det står på. Men hovudsaka for han er å få oss heim tils eg!
       Eit godt døme frå NT er den fortapte sonen, Luk.15. Han søkte ikkje heim før arven var brukt opp. Slik var det i Israel og. Gud måtte audmjuka folket igjen og igjen. Så tok No'omi og den eine verdottera på vegen heim til Betlehem.

Hyrdeomsut i forsamlinga
       Då opplevde dei noko: Heile byen kom i rør, v.19. Her kom ho heim att etter over ti år i framande land, og ein skulle tru ho var gløymd. Men nei, alle snakka om det som var hendt. Me må tru dei tok vel imot dei og faktisk heldt velkomstfest.
       Men – me legg merke til at ingen tala om dei då dei reiste ut! Det står i alle høve ikkje noko om det. I den nauda som då var, glei dei umerkande bort frå byen og folket. Og dei var kanskje ikkje dei einaste som freista lukka ein annan stad.
       Her melder tanken seg med ein gong: Er me merksame på dei som glir bort frå oss åndeleg tala? Det kan vera etter ei vekkjing. Mange er komne med og er glade. Ein syng og frydar seg over dei som kom. Men etter ei tid tek nokre til å gli bort. Dei kom sjeldnare til møta. Ikkje ofte såg me dei på småmøta. Dei tok etter verda i levevis og hadde nok lita tid til Guds ord og bøn.
       La me merke til at det gjekk slik? Eller gjekk me i vårt eige utan den hyrdeomsuta for dei som var svakare enn oss sjølve? Nå veit me alle at det er sers vanskeleg å tala med slike om åndelege spørsmål. Dei kjem så lett i forsvarsposisjon, og det er vanskeleg å finna rette ord og talemåte. Men tanken på å hjelpa dei, skulle leva iss og ikkje døy. Så lagar Herren den rette stunda når tida er inne.

På rett plass
       Dei kom til Betlehem i byrjinga av kornhausten, v.22. Og det skal visa seg at dei gjekk frå fattigdom og eit liv i framande kår til eit nytt og rikt liv, sjølv om ingen ting kom lettvunne for dei. No var dei på rett plass, i Guds folk sitt rike.

Tyding av namna
       Lat oss ta med litt om tydinga av namna på personane her. I Bibelen er det slik at namna tyder noko, og dei svarar til den karakter eller oppgåve personen har. Og det viser korleis Gud inspirerte både dei som skreiv Bibelen og personane i Bibelen som ga borna sine namn.
       Elimelek tyder ”min Gud er konge” og er eit vakkert vitnemål om eit menneske. No'omi tyder ”vakker” eller ”elskeleg”. Som karakteruttrykk høver det godt på henne. Somme har meint at det talar om korleis Herren er, at han elskar henne. Sønene heitte Mahlom (svakhet) og Kiljon (sjukleg). Begge døydde unge, så namna kan ha samanheng med helsa deira. Då No'omi tykte alt gjekk galt for henne, bad ho Rut kalle henne Mara, og det tyder ”beisk”, v. 20. Og Rut tyder truleg ”trøyst” eller ”oppmuntring”.Og det vart ho for vermor si ved at ho fylgde henne heim til hennar land og det som hende der.
       Slik kan me få tru at Herren er vår konge trass i at me er svake og veike og ofte kjenner at livet er bittert. Gud er min konge, ja, Jesus er vår frelsar – som det namnet tyder.