mandag 1. februar 2010

117) Høys. 1, 5.


Svart og ven.
Høgs. 1, 5.

Det er brura som kjem med denne vedkjenninga og vitnemålet om seg sjølv: Eg er svart, men (likevel) ven (yndig). Ho var ingen neger, dvs med svart hudfarge. Ho tala åndeleg. 

Høgsongen er ingen vanleg kjærleikssong, som nokre hevdar. Songen har eit djupt, åndeleg innhald. I jødedommen var det vanleg og heilt naturleg at brura var den truande jøden, og brudgommen Herren. I den nye pakta vert brura dei truande kristne og brudgommen Jesus. 

Her er det den kristne som talar om seg sjølv: svart og rein. Når me er sanne truande, er det alltid slik. Det er to sider ved oss kristne.

1. Me er svarte.
Slik ser me eut når me ser på oss sjølve, slik me er av natur. Då ser me synd, og det i mange former. Også som truande er det synder i oss: sløvhet, uvilje mot Gud og menneske, sladder og laust snakk og mykje meir. Det ser me av Gal. 5, 19-21 og Rom. 1, 29ff., og dei mange formaningar i NT viser at mykje vondt ligg på lur hjå dei truande. 

Me er heilt uverdige for Gud. Og då er me fortapt. Det skulle gjera oss audmjuke.
 
2. Me er vakre.
Omsetjarane brukar ulike ord her, som ven, vakker, yndig. Det kan me seia trass i den svarte synda. Og kvifor er det slik? 

Ein kristen er reinsa i Jesu blod og forsoning og dekka med Jesu frelse og rettferd. Salme 5, 13 seier: Som med eit skjold dekker du han med nåde.
 
Det skjer når me vert frelste og atterfødde. Gud gir oss alt me treng. Difor er me Guds barn trass i feil og manglar og synder som vil overrumpla oss. Det er det store underet i Guds rike.
Men – me er ikkje vakre i eigne tankar. Der ser me berre det vonde som plagar oss ”netter og dager”. Men framfor Gud er me fine. Han har reinsa oss. 

Her får ein kristen leva. 

Likevel er det slik: Dersom me syndar med vilje og går over Guds bod og ord utan å erkjenna og be om tilgjeving, er me berre svarte. Me kan ikkje leva i lengda i opne eller skjulte synder. Det er berre dei som lever i lyset og reinsinga, som er vakre. For Jesus er vår store pryd.