tirsdag 16. februar 2010

166) Rut 1, 1-15


No’omi og Elimelek.
166) Rut 1, 1-15

Enkle bibeltimar.

       Berre to bøker i Bibelen har kvinnenamn som tittel – Rut og Ester. Og dei er kvar på sin måte viktige bøker. Forteljinga om Rut er vakker på mange vis. Diktaren Gøethe sa om den: Det er ingen som er lik den i verdslitteraturen. Då må det vera litt av dei perle. Og denne perla skal me stansa for nå, sjå på henne frå fleire vinklar.
       For boka om Rut er lærerik. Ho talar om eit fint menneske, ja fleire fine menneske møter me her. Og dei kan stå som bilete på kristne og slik gi oss åndelege lærdomar i vårt eige liv.
       Den historiske hendinga er truleg i dommartida, og boka er plassert i Bibelen vår etter Dommarboka. I den jødiske kanon var ho sett som nr. 4 mellom ”Skriftene”, og ho vart brukt ved pinsefesten. Frå den greske omsetjinga Septuaginta (LXX) er ho plassert mellom dei historiske bøkene.
       Me merker oss straks at Rut vart stammor til Jesus gjennom David og er slik med i det galleriet av personar som var Jesu jordiske forfedrar. Sjå om det i Mat.1,5 og Rut 4,13f.

Kapittel 1.

På vandring – frå brødhuset, v. 1-5.

I dette avsnittet møter me No’omi på reis, og det ho opplever kan vera sant om så mange andre. Ho var ei av dei stille i landet.
       Først ser me korleis ho og mannen Elimelek levde saman i Betlehem i Juda. Betlehem tyder ”brødhuset”. Det var Davids stad og Jesu fødeby. Men så hende det at hungersnaud også kom til denne byen. Dei hadde det materielt vondt.
       Tenk – endå i brødhuset kan somme lida naud. Og det er sikkert: det går mange mennesker i åndeleg naud i verda i dag, også midt mellom dei kristne og i kristne miljø. Det skal me vera merksame på så me ikkje i egoisme og likesæle let slike gå i nauda. Det var nett det No’omi opplevde.
       Dinest drog No’omi og mannen ut på reis. Det var ikkje levekår for dei i brødhuset Betlehem. Og dei drog ut til eit heidensk land og var framande der, v.4. Begge sønene tok seg moabittiske koner, og det var forbode i Israel. Berre dette må ha valda No’omi sorg. Tenk, hennar eigne born skulle synda slik mot Herren. Sikkert sit det mange foreldre kring i landet med slike tunge tankar og sorger.
       Her skal me leggja merke til at dei hadde noko av skulda sjølv for dette: Dei hadde reist bort frå landet og folket sitt der sønene kunne ha funne seg israelittiske koner. Sjølv om det var naud i landet, reiste ikkje alle frå Kana’an. I ti år levde dei slik.
       Så døydde Elimelek, og ny sorg og naud møtte familien. No'omi sat att med to søner og to verdøtre. Så kom endå ei ny sorg: Begge sønene døydde, og morshjarta sat att med store spørsmål i sinnet. Mange går med slike tankar: Kvifor hende dette nett meg? Kva er meininga med alt som skjer i livet? Då er det lett å gi Gud skulda for det vonde og vanskelege. Me har sett mange har gjort det og anklaga Gud for urett.
       Men det skal me vera varsame med. Gud gjer ingen noko urett, og har aldri gjort noko menneske urett. Men eit par ting skal me merka oss i slike høve.
       Først: Me skjønar ikkje alltid det Gud gjer. Tankane hans er høgare enn våre. Det som skjer med oss er kanskje reint uforståeleg i øyeblikket. Men treng det tyda at Gud ikkje veit kva han gjer? Det er gjerne slik med born: Dei skjønar ikkje alltid det far og mor gjer. Og ofte kan dei difor bli utålmodige og krevja sin vilje. Det er ikkje lett for det vesle barnehjarta å forstå dei høge tankane til mor og far. Likevel er deira vilje best.
       Det andre er: Gud ville noko med No'omi sin familie. Han hadde ein plan, og skulle den gjennomførast måtte det skje slik. No'omi skjøna ikkje kor det bar av eller kva Gud ville. Men Gud skjøna det, og det var nok. Det er den innstillinga eller tiltrua til gud me skal ha når me møter uventa ting i livet. Me skulle læra oss å tenkja slik: Gud veit nok kva han gjer også nå. Han har ein plan.

På vegen heimatt, v. 6-13.
       Då nauda vart stor her og, vende No'omi heim att til sitt eige land. På denne turen hende også noko. Det finn me lærerikt. Men først litt om ekte og uekte blomar.
       Dei to verdøtrene syner seg å vera heilt ulike menneske. Dei kan stå som bilete på to slag åndelege menneske. For det vil alltid vera slik mellom dei kristne: Dei ekte truande og dei falske. Me kan likna det med ekte og uekte blomar. I dag kan ein laga plastblomar el.a., som ser ganske like ut dei ekte. Du skal koma ganske nær dei for å oppdaga at dei ikkje har liv. Men tek du på dei eller luktar på dei, vil du finna om dei er ekte.
       Slik var det i Israel som Paulus seier: Ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer difor til Israel, Rom.9,6. Og i Johs 4,23 talar Jesus om dei sanne tilbedarane.
       Me vil finna dei same slags menneske i dag: Nokon har liv i Gud og lever med han. Andre ser gjerne ganske like ut i det ytre, og det kan vera vanskeleg for oss å sjå skilnad. Men dei har ikkje åndeleg liv. Sjølv om me ikkje ser denne skilnaden, veit Gud om det. Det kan sjå likt ut ganske lenge, men ved Jesu kome vil det syna seg kven som er sanne Guds born.
       - På vegen heim sa No'omi til verdøtrene at dei skulle venda heim att. For dei høyrde til i Moab og ville verta framande i Israel. Ho ynskjer dei det beste, men meiner det er best at dei snur. Då syner skilnaden seg. Begge ville nok fylgja henne lenger i byrjinga, men då det røynde, var det berre Rut som gjekk vidare.
      
SKILNADEN SYNER SEG, v. 14-15.
       Det var ein verkeleg skilnad mellom Orpa og Rut. Og den kom til syne då det røynde på, då det kosta noko. Me har lese at No'omi ville at begge skulle fara heim att til sine og få seg nye menn og familie. Ho sa ikkje dette avdi ho mislikte dei, men for å setja dei på prøve. Ho var nok verkeleg glad i sonekonene sine og ville dei det beste.
       Då synte skilnaden seg. Begge to gret og tykte nok det var vanskeleg å skilja seg frå vermora. Og begge sa dei ville fylgja henne heim til Juda. Men No'omi visste betre: det dei lova i ei slik stund der kjenslene rådde, det ville dei snart trega når kvardagen kom i Kana’an. Difor heldt ho på sitt: Far heim att, døtrene mine. Ho var sjølv for gamal til å gifta seg om att og få born som kunne verta deira menn, v.13.

EIT VAL
       Midt i gråten tok Orpa avskil, v. 14. Ho for heim att til sitt folk og sine gudar, som var avgudar. Me høyrer ikkje meir om henne. Ho går liksom inn i det store mørke og har ikkje noko å gjera med Guds folk. Ho kunne nok ikkje tenkja tanken på å forlata alt sitt og sine. Hjarta hennar var bunden i Moab, slik kona til Lot var bunden til livet i syndebyen Sodoma. Det var hendinga med henne Jesus brukte for å åtvara læresveinane då han tala om dei siste tider, Luk.17,32. Dei skulle vera reie og hugsa korleis det gjekk kona til Lot. Her er viktige ting å ta med seg slik at me ikkje vert liggjande etter på vegen.

SKILNAD I HJARTA
       Det som var den alvorlege skilnaden mellom Rut og Orpa, var hjartetilhøvet. Orpa hadde berre eit ytre og laust tilhøve til No'omi. Då høvet baud seg, tok ho heim att og levde som før. Men mellom Rut og No'omi var det usynlege og sterke band. Ho var så eitt med vermor si at bandet var usliteleg. Her var ikkje den minste tvil om at ho skulle fara til Juda og Betlehem dit vermora ville dra. Rut ville ikkje skiljast frå henne, står det. Her var ekte kjærleik.
       Nå ser me igjen eit fint trekk ved No'omi: Ho freista endå ein gong å overtala Rut til å fylgja Orpa, v.15. Du ser versyster di har fare heim att til folket sitt og guden sin, snu du og¼ Det var ei sterk freisting eller prøve for henne. No hadde ho høve til å gå attende til det gamle livet hjå folket sitt.
       I den stunda syner hjartetilhøvet seg. Ho seier: Du skal ikkje telja meg til å skilja lag med deg og fara heim att. Det var noko meir enn høfleg framferd og fine ord. Det hadde skjedd noko med Rut i samværet med No'omi. Og det gjorde at ho var viljug til å gjera alt for å vera i lag med henne.