tirsdag 16. februar 2010

156) 1. Sam. 15 og 16 og 18.


Saul 4.
156) 1. Sam. 15 og 16 og 18.

I desse avsnitta finn me fleire steg nedover for Saul. Han hadde fått ein klar ordre i v. 3: Spar han ikkje. Men han sparte kongen – Agag og det beste feet. Den eine synda leier ofte til nye synder. ”Synd føder synd,” sa dei før. Det vert som ein kjedereaksjon, eller som bilar i ein storkollisjon. Den eine tek den andre med sge. Tillet du ei synd i livet ditt, kjem snart ei ny synd, ofte for å forsvara den første. Det er ei livslov i Guds rike. Fylg nå Saul vidare nedover på vegen.

1. Han legg skulda på andre, kap. 15, 15. Det var folket som sparte feet. Det er ein lett utveg. Men dette var og eit nytt høve for Saul til å venda om. Han kunne ha sagt i den stunda: Eg har gjort det. Då hadde dette møte vorte til oppreising for kongen.

Men Saul hadde svik i ånda, sml. Salme 32, 2. Er du kjend med det? Då seier du: Andre har skulda for min situasjon. Du legg ansvaret på kyrkja eller på nokre kristne i nærleiken din, eller predikanten som talar så strengt. Kanskje du let tidsånda, miljøet og djevelen ha skulda.

Vegen er alltid den som Jesaja gjekk då han var inne i Guds lys: Eg er fortapt, Jes. 6. David synda og. Men han såg si synd i Guds lys og sanna henne då profeten Natan kom til han. Eg har synda, sa han og bøygde seg. Han såg at synda var stor og alvorleg, det var ei synd mot Gud. Salme 51, 6 og 2. Sam. 12, 1.

For Saul var synda ein bagatell. I kap. 15, 15 seier han til Samuel: din Gud. Han kunne ikkje seia: min Gud. Han våga ikkje, for alt i den stunda var han komen på fråstand frå Gud og truleg borte. Dette er trappetrinn nedover.

2. Han ofra til Herren, v. 21.
Han hadde teke det beste, sa han, for å ofra det til Herren. Her skuldar han og på folket. Men det var berre ei n unnskyldning. Det såg fromt og gudfryktig ut. Men det var ikkje meininga i byrjinga. Han ville ha det sjølv. Difor er heile ofringa eit hykleri. Gud toler ikkje det.

Han prøvde å skjula det. Men ein vaken profet høyrde dyra: Kva er det? V. 14.

Det er lett for oss å ville skjula svikt og nederlag. Så vert det store ord og lange vitnemål.

Er der ein sann Herrens tenar som høyrer die falske tonane mellom oss? Eller er tenarane og sløve?

3. Misunning og fleire fall, kap. 18.
Misunning er ei stygg synd, ofte hemmeleg i sjela. V. 6-9. Folk tykte at David var betre enn Saul, og det vart kongen såra av. Du kjenner deg kanskje forbigått, gløymt i Guds rike av menneska og levre mykje i skuggen. Misunninga trivest godt der. Ho er som ei plante som veks.

I v. 9 heiter det: Frå den dagen såg Saul stadig skeivt til David. I Peshittaomsetjinga (ved Lamsa) står det slik: Han byrja å misunna David. Det er ei fårleg tid for eit menneske.

Korleis heldt det fram? Ofte utviklar det seg til det verre. Jak. 1, 15 seier: Når lysta er svanger, føder ho synd. Då vert det synd på synd. For synda har alltid eit framheld. Den stansar ikkje. Her skjer det slik:
- Saul ringakta David. Han gav dottera Merab som David skulle hatt, til ein annan, v. 19.
- Han er listig mot David og gav dotter si Mikal til David. Og då hadde han ein baktanke. V. 20 og 27.
- Han set ei snare for David, og sender han mot filisterane. Då trudde han at David ville bli drepen, v. 21. Og då var han ferdig med David. Men der misrekna han seg.
- Alt utvikla seg til hat mot David, v. 29. Då er liksom grensa nådd. Du kan ikkje vera ein Guds ven og hata andre. Det er motsetnader.

RESULTET av stigen nedover blir:
Herrens Ande veik frå han, kap. 16, 14. Det skjer alltid ved synd, sjølv om det ytre er fint. Og i v. 1 i same kap. Seier Herrenm: Eg har forkasta han og vraka han. Eg vil salva ein annan.

Saul fekk ikkje halda fram som konge. Dagane hans var nå talde. Han var ferdig, av di han sjølv hadde forkasta Gud og ordet hans. Kap. 15, 23.

I kap. 31 ser me at han tok sitt eige liv. Eit trist kapittel var nå slutt.