tirsdag 16. februar 2010

159)1. Sam. 9, 1-25.


Kong Saul 1.

159)1. Sam. 9, 1-25.


Dette er ei gripande soge. Saul får kall frå Gud til å verta konge i Israel. Dette hende ved Samuel og Eli.  Men Saul skulle bli ei dalande stjerne som slokna til sist. Og slik er han eit bilete på sløve kristne og fråfall. Me kan heile tida spørja: korleis er det med oss, er me som han? Det er ransakande for oss å tenkja slik. Det kan berga oss frå det endelege fallet.

Lat oss stansa for nokre sider ved Saul og livet hans.

1. Først om Saul som menneske, v. 2.
a) Saul var ung her, og då møtte han kallet frå Gud. Slik er det ofte. Gud vil ha tak i dei unge, dei er lette å bøya og leia på rett veg. Han vil frelsa menneska, og han vil kalla og utrusta oss til teneste for seg. Gud treng medarbeidarar i sin  vingard.

Gud vil me skal verta frelste, både her i tida og til slutt koma til hans himmel. 1. Tim. 2, 4. Men det er ikkje berre tale om å verta frelst inn i himmelen når me døyr. Det er viktig, kva er elles nytten av å leva?

Men Gud vil og at me skal ha eit frelst liv. Det er det beste livet. Det kan sjå ut som om dei unge taper mykje glede om dei vert kristne. Slike tankar har folk alltid hatt. Det er djevelen som tilslører det verkelege og åndelege livet med Gud. Og det er ofte vanskeleg å forklara og visa dei kor mykje dei taper om dei ikkje blir frelste!

Ungdomsåra er ei krisetid. Då tek me alle val for livet og kursen vert staka ut. Då er det så viktig å gå Guds veg. Han gir innhald, mål og meining med alt. Då fell dei tunge ting på plass og me får det rette perspektivet over livet vårt. Difor er det så viktig at me alle – også du – kjem til Jesus og går på hans vegar. Gud velsigne deg til det.

b) Saul var vakker, står det her. Det ytre er viktig. Me har alle nokre naturgaver og har ei slags utrustning frå fødselen av. Livet vårt har ei menneskeleg side. Mange har fordelar av det dei er som menneske, og me skal sjølvsagt bruke evner og krefter.

Men Gud ser mest på noko anna. På slutten av livet til Saul, får me ei klår orientering om det. Det var Samuel som sa etter ordre frå Herren, at Saul skulle bli konge. Men seinare sa Herren til Samuel: ”Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren… Eg ser ikkje på det menneske ser på, for menneske ser på det som fell i augo, men Herren ser til hjarta” (kap. 16, 9).

Det som skjer i hjarta, viser kva eit menneske eigentleg er. Det indre er det viktigaste. Men Saul tok ikkje vare på det gjennom livet.

c) Saul var høg av vokster. Han var eit hovud høgare enn andre. På den tida særleg kunne det vera eit merke på ein leiar. Han måtte sjå over dei andre og dei skulle høyra han og vita kor han var.

Slik er det åndeleg. Ein leiar i Guds rike må vera over andre på ei vis. Han skal vera annleis. Me ventar meir av ein leiar enn av anna folk.

Han skal ha meir kunnskap i åndelege saker, meir visdom til å leia, nådegaver frå Gud til tenesta, og han må eiga gudsfrykt.

Men her er faren stor. Han kan verta ovmodig og bli stor i seg sjølv om han ser på gåvene sine og beundrar seg sjølv. Det er ein stor fare både for prestar, misjonærar og lekpreikarar. Då vert me duglause og Gud kan ikkje bruka oss meir. Då stagnerer me også. Me sluttar å grava i Ordet, lesa og ta til  oss åndeleg mat og næring. Hungeren etter Gud er borte. Du har liksom nok med det du har. Ingen nye syner for Guds rike, ikkje meir naud for dei ufrelste og ikkje lyst til arbeid meir. I denne fella gjekk Saul.

2. Her ser me Guds arbeid med oss.
Han kallar på oss, først til omvending og frelse. Deretter vil han ha oss i si teneste. Her er me alle ulike. Me får ikkje alltid den same tenesta, og ikkje alltid den så synleg for menneska. Men me skal alltid tenkja slik: Gud ser meg og det eg gjer for han. Det er ikkje naudsynleg at det kjem i eit misjonsblad eller i avisa. Gud ser det, og det er nok. Folk skal ikkje beundra oss for arbeidet, det er Gud som skal gi løn til slutt. Ikkje noko anna er verd noko. Men ingen kan vera tenar i Guds rike, utan å vera frelst av nåde. Det er først då du kan byrja å gå ærend for Han.

a) Saul si teneste var eit brot med fortida. Kallet er eit farvel til det som var. Saul var bonde. Han hadde dyr, åker og esel. I v. 3 ser me at dyra kom bort. Og Saul måtte ut på leit. Dra av stad! heiter det. Og denne leiting førde han til profeten Samuel. V. 14.

Det var altså ei vanleg, daglegdags hending som vart ein del av Guds plan. Slik har mange opplevd det. Dei gjekk i sitt daglege arbeid. Så kom Gud. Dei vart klår over at Gud tala, og dei kunne ikkje seia nei. Mange vegra seg, men Gud vart for sterk.

b) Guds tenar vart nå førebudd, v. 15-16. Dette liknar på Paulus si omvending, Apg. 9. Då vart Ananias beden om å hjelpa Paulus, v. 11. Det står at Paulus bad. Som ein farisear hadde han bede mykje og mange gonger. Men det hadde vore ei ytre bøn av ord, utan at hjarta var med. Då han møtte Jesus utafor Damaskus, fekk han bøneanden og tala rett med Gud. Det tyder at han såg synda si og måtte be om tilgjeving.

Her ser me at Saul fekk hjelp av ein tenestegut først, v. 6. Dei hadde inga gåve til profeten, det var nok vanleg å gi han noko for ei teneste. Då kom guten og sa: eg har ein kvart sekel sølv. Og Saul tok mot den hjelpa: Du har rett, sa han.

Litt seinare møtte dei nokre jenter som skulle henta vatn. Dei viste og veg til profeten. – Slik ser me at det var fleire som var til hjelp for Saul i denne første fasen. Dei fekk visa veg, på ein liten og smålåten måte. Men det var til nytte. Slik kan me gå ærend for vår Gud.

c) Møtet mellom Saul og profeten, v. 17.
Dette møtet og denne samtalen var viktig. Her vart grunnlaget lagt for den vidare tenesta.

- Her syner Saul at han er audmjuk og liten, v. 21. Det er slik Gud vil ha oss. Og berre dei kan han bruka rett. Paulus var og slik. Han seier han var den minste av apostlane og mellom dei heilage, ja den størst syndar som vart frelst. Ef. 3, 8; 1. Kor. 15, 9; 1. Tim. 1,1 5. – Fette var ein god start for Saul. Tenk om det hadde halde fram slik!

- Så talar Samuel, v. 25. Her står ein gamal Guds mann saman med ei ung spire. Dei sat på det flate taket på huset og tala saman. Slike stunder er viktige for Guds tenarar. Samuel sa til han: Eg vil fylgja deg på vegen, v. 26. Den gamle profeten hadde tid for ein ungdom. Saul var ikkje ferdig som menneske eller som tenar. Men han fekk ein vis mann med seg nå.

I utkanten av byen skulle tenesteguten forlata dei og gå vidare. Til Saul sa profeten: ”Så vil eg la deg høyra kva Gud har sagt.,” v. 27. I slike stunder skal me ikkje ha publikum eller reporterar. Det finst heilage stunder då me må vera to-eine i samtalen. Berre Gud skal vita om dette. Då kan ein opna seg meir enn om andre lyttar til. Og då får me rett sjelepleie.

d) Her gjaldt det i grunnen ei stor sak: Herren hadde sagt at den nye kongen skulle frelsa folket frå filisterane, og han skulle salvast til fyrste over Israel og styra Guds folk, v. 16f. Og det kan ikkje kven som helst. Difor måtte Gud arbeida lenge med han. Det ser me i soga vidare her.