tirsdag 16. februar 2010

164) Rut 2.


Rut møter Boas
164) Rut 2.


Møte med ein åndeleg slektning, kap. 2, 1-20.
       Då No'omi kom heim att til Betlehem, møtte ho snart eign slektning til mannen hennar. Det var Boas. Og han kjem til å spela eign viktig rolle i denne historia. Og det var eit godt møte. Boas var eign truande, slik at Rut fekk møta eign åndeleg slektning.
       Ein dag bad Rut om å få gå ut på marka og sanka aks.

Alt av nåde
       Rut vart sendt ut på åkeren for å sanka aks, og der møtte ho Boas. Han tala venleg til henne, ja til alt haustfolket. Herren vere med dykk, sa han. Han la merke til den nye jenta og spurde kven det var. Han sa til Rut at ho berre skulle sanka hjå han og ikkje flakka på andre åkrar. Ho vart nok forundra over dette. Korleis kan du ha godvilje mot meg som er framand, v. 10.
       Då svara Boas kva han hadde høyrt om henne: Ho hadde forlate sitt folk og fylgd med til Israel. Det skulle Herren løna henne for, og ho skulle finna livd under vengene hans.
       Gud gir ikkje frelse som løn for arbeid. Det er ikkje Bibelen sin tale. Men den som kjem til Herren får alt av nåde. Du har sanneleg vist godvilje mot meg, sa ho, v. 13. Godvilje er det same som nåde[1] og ”barmhjertighet”. Og ho visste ho trong det, ho rekna seg ikkje ein gong som ei tenestejente. Med det meinte ho nok at ho var heidning og kunne ikkje venta noko godt etter naturleg tankegang.

Liv – mot synd, Satan og dom
       Men Gud ville gi henne ly, som det står på bokmål. Menneska treng denne livd eller ly mot synda i oss og ikring oss og Satan som kjem med listige åtak. Ofte treng me og ly mot vonde menneske me møter på vegen. Ikkje minst treng me det mot dommen som ventar alle ein gong. Rut var framand og heidning og kunne berre vona på nåde og godleik. Elles hadde ho ingen ting å rosa seg av.
       Er ikkje det så likt oss? Me er slike fortapte kryp frå heidningland. Skal me verta berga,  må det bli av nåde åleine frå Gud. Me kan søkja denne tilflukt frå Gud, me kan finna ly under vengene hans. Korleis kan det skje?

Vår tilfluktsstad
       Rut seier det i grunnen så klårt i v. 13: ”lat meg finna nåde for augo dine, herre.” Og i v. 20 seier No'omi til Rut då ho kjem heim: ”Velsigna vere han av Herren som ikkje har teke si miskunn[2] bort.” Det er i grunnen hovudsaka. Å søkja ly hjå Gud er å bli frelst av nåde og Guds miskunn. David seier det same i Salme 36,8: ”Kor dyrverdig er di miskunn, Gud. Mannsborna flyr inn i skuggen av dine venger.”
       Det tyder at Gud får tilgi vår synd og skuld. Når det skjer, er me i trygg forvaring hjå han. For han er viljug å sletta ut alle våre brot og stryka ut synda. Før det skjer med eit menneske, er det hjelpelaust fortapt. Ingen ting kan hjelpa oss utan at Gud forlet synda vår. Det er å finna ly hjå Gud.

På blodets grunn
       Og Gud kan gjera det. Grunnen er Jesu forsoningsverk for vår synd. På krossen tok han ansvaret for synda og døydde for alle menneske. Han betalte for all synd på jord. Difor kan me finna ly i forsoninga. Jesu blod blir vårt skjul. Det same skriv David i Salme 5,13: ”Du vernar han med nåde som med eit skjold.” På bokmål står det: Du omgir ham med nåde.
       Og dette stemmer fint med Paulus si forkynning. I Efesarbrevet står det klårt i kap. 2,8: ”Av nåde er de frelste ved tru, og det er ikkje av dykk sjølve. Det er Guds gåve.”
       Nåde tyder nett det: Me har ikkje fortent det. Me ville ikkje få tilgjeving dersom Gud skulle rekna etter vår eiga forteneste. Gud gir oss det fritt som ei gåve.
       - Det er klårt at korkje Rut eller andre i GT kunne sjå dette klårt. Dei fekk høyra det i bilete og symbolhandlingar. Men me ser det i det klåre lys frå evangeliet og Jesu verk. Difor kan me gleda oss meir over dette enn dei gamle jødane kunne då.

Serleg verna
       Slik må Rut ha kjent det. Ho kom frå heidningeland og fekk alt ho trong.Ho fekk mat som dei andre, v. 14. Og då ho skulle til å sanka aks, ga Boas henne lov til å sanka mellom kornbanda. Arbeidsfolka fekk endå til bod om å dra aks ut or kornbanda så ho fekk dei óg, v.16. Dei andre skulle ikkje gjera henne noko vondt og ikkje skjenna på henne. Rut var altså serleg verna  av Boas som åtte åkrane her.
      
Ein sann israelitt, kap. 2, 20-23.

       Det var løysingsmannen Boas som skulle bli  vona for Rut!
       Den siste merknaden i kap. 2 syner at ho levde eit reint liv i høve til menn. På den måten viste ho seg og som ein sann israelitt, sjølv om ho ikkje var det av fødsel eller oppseding frå barndommen. Ho levde ikkje som ei laus heidningekvinne og tok den første mannen som baud seg. Ho søkte heller ikkje etter menn. Ho heldt seg til Boas sine kvinnelege arbeidarar og fekk bod av No'omi om det.

Tenarsinn – ikkje nytesjuk
       Eit trekk til ved Rut skal me ta fram frå kap. 2. Brandtzæg kalla dette kapitlet: ”Rut som den tjenende”.[3] Og det er treffande sagt. Rut venta ikkje at alle skulle oppvarta henne og gjera alt som trongst. Ho var ikkje krevjande og let andre skaffa føda for seg. Ho seier til vermora: Lat meg gå ut på åkeren. Ho hadde tenarsinnet og vilje til å arbeida og skaffa det dei trong. Heile haustonna var ho i arbeid.
       Slik vert Rut eit førebilete på ein sann kristen og eit godt menneske som tek sin part av strevet. Nytesykja er aldri etter Guds vilej. I vår tid trur eg me treng minna kvarandre om det. Her er mange – både eldre og unge – som nok er meir oppteken av å nyta og krevja og venta på tenester, enn sjølv å bøya seg ned for å tena. John F. Kennedy sa i ein tale: Spør ikkje etter kva landet ditt kan gjera for deg, men spør kva du kan gjera for landet ditt. Den ånda er fullt i tråd med Guds ord.

Vanleg arbeid
       Jesus tala fleire gonger om teneste for andre. Og han meinte ikkje berre tenesta med å tala Guds ord og arbeida med åndelege ting. Han meinte vanleg arbeid. Det må og gjerast. Me ksal ikkje bli så ”fine” at me berre vil gjera det som syner eller som andre tykkjer er fint. Fleire av Jesu likningar handlar om å arbeida. Ein gong sa han: ”Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre, og den som vil vera den fremste av dykk, skal vera træl for dei andre.” Mat.20,27f. Det er sterke ord. Ein av anklagane til Jesus mot farisearane var nett dette: ”Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå dei.” Mat.23,5.
       Men Rut var arbeidar. Utan å bli beden om det, gjekk ho. Slik er ho føredøme for unge kristne: Vent ikkje at andre skal gjera alt. Ver praktisk i kristendommen din. Hjelp far og mor, byd deg fram til å gjera den ringaste tenesta. Både i heimen og i bedehuset må golvet vaskast og anna ryddast. Slike tenester kan og gjerast for Jesus.
       Eg har ei tenesta stor for Gud
       Frå dag til dag i det stille¼


[1] På hebr. Er brukt order Chen, som tyder nåde.
[2] Her er brukt chæsed på hebr.
[3] J. Brandtzæg: Ruts bok, i Misjonskurset pr. brev, s. 38.