mandag 15. februar 2010

151) 1 Krøn 26.

Teneste

151) 1 Krøn 26



I dette kapitlet les me om at David planlegg og ordnar tenesta i templet. Og det gjorde han før huset vart bygt! Det var jo ikkje han som skulle byggja templet. Sonen Salomo fekk det oppdraget.



Då ser me at det er fleire slags tenester og arbeid i Guds hus. Kvar slekt fekk sitt arbeid og si spesielle teneste. Nokre vart portvakter (kap. 9, 22), andre hadde tilsyn med skattane, med krigsbytte og nokre hadde verdslege gjeremål, v. 29. I omsetjinga Bibelen Guds ord står det i v. 29: de alminnelige pliktene.



Eit interessant drag ved dette er kap. 25. 7. Der står om songarane at dei var lærde opp til å syngja for Herren, og dei var dugande til det. Slik må det vera nå og. Det er ikkje berre tale om songstemme og gehør. Me menneske må lærast opp til syngja rett – for Herren. Det er openbert at ikkje all song er det.



Parallellane til NT er tydelege. Paulus skriv t.d. om nådegåvene. Gud gav somme til apostlar. Somme til profetar osv. Ef. 4, 11. Og til korintarane talar han om at det er skilnad på nådegåver og på tenester. 1. Kor. 12. 4-5ff. Ikkje alle skal gjera det same. Me er så ulike at Gud brukar den einskilde slik han har anlegg for.



David hadde og syn for dette, slik Gud hadde tala til han. Nokre hadde plikt til å gjera vaktteneste i Herrens hus, står det, kap. 26, 12. Det var viktig å halda vakt her, slik det og må vera for oss. Ikkje kven som helst kan gå inn i teneste der. Berre den Gud kallar, har lov.