søndag 14. februar 2010

129) Ester 4, 16.


Dronning Ester.
129) Ester 4, 16.

Soga om dronning Ester, slektningen Mordekai og fienden Haman er kjend for mange bibellesarar.
Me kristne kan læra noko av denne soga. Lat oss berre ta dette verset i dag:

I. Det kan vera feil å tia.
1. Ester var kanskje freista til det.
Ho var jøde i eit heidensk land, og kongen og hans folk visste det ikkje. Likevel vart ho dronning. Då var det lettast å liggja lågt i terrenget, sjølv om hennes eige folk leid naud.

2. Det kan vera mange grunnar til det:
Det var utvilsamt hensiktsmessig for Ester nett då. Det kunne rett og slett vera farleg å visa reint flagg. Difor kan det liggja ein del sjølvkjærleik bak, så ho skulle unngå trøbbel. Med andre ord kan det liggja egoisme i oss når me ikkje talar mot vondskapen og fråfallet i tida. – Eller det rett og slett er latskap. Det ville tyda meir arbeid for Ester om ho skulle ta saka opp med kongen. Kongane var nokså einerådande.

II. Om me sviktar, finn Gud ein annan.
Modekai kjende soga til Israels folk og dei heilage skriftene. Difor kjende han Guds lovnad for Israels folk og visste det var Guds folk på ein særleg måte.
Mordekai oppmuntrar Ester ved å seia: Guds gjerning vil skje. Me veit ikkje alltid måten Gud vel. Men Han er allmektig og veit råd.
Slik er det i kyrkja óg. Når ho sviktar ei oppgåve, dukkar det nye menneske opp og nye arbeidslag og organisasjonar ser dagens lys. mange gonger kan det vera Guds løysing der Guds folk sviktar.
Gud finn rett og slett ein annan tenar. han kan ikkje sjå på at hans rike går under. Det skal leva i all æve.

III. Dei som sviktar, vil lida og gå til grunne.
Slik har det alltid vore. Me må døy for oss sjølve for å leva med Gud. Soga om kveitekornet gjeld i første omgang Jesus sjølv: Han måtte døy og gå under i jorda for at ei ny frelse skulle stå fram. Johs 12, 24.

Men det gjeld i grunnen kvar kristen og organisasjon og lokal-kyrkjelyd. Guds samla kyrkje på jorda vil aldri gå under, men ei lokal kyrkje kan det. Gud vil ha lydige born og trufaste arbeidsfolk. Mon ikkje mykje av det svake i dag i kristenfolket, kjem av ulydnad både hjå einskilde kristne og i kristne arbeidslag, organisasjonar og kyrkjer.

Det er berre ein måte å bøta på dette: Det er å bøya seg for Gud og sanna si synd og seia: Herre, hjelp meg til å gå din veg. V. 14 seier klårt at straffa kjem. Det er i første omgang tap av velsigning i gudslivet, og kan det kan føra til æveleg fortaping når ein trassar Guds veg.

Ester hadde nå eit godt svar til Mordekai, v. 16: Gå av stad. Nå må det skje noko, og du er mannen her. – Og utfallet vart til velsigning for jødefolket.