lørdag 17. april 2010

229) 1. Mos. 6, 1-15.

Noah.
229) 1. Mos. 6, 1-15.
----------------------
.
  Soga om Noah er interessant. Me finn den i kap. 6-10. Mykje av det som hende då er likt nå. Og i NT er den brukt som bilde på den siste tid. I Hebr. 11 er han opprekna som ein av trusheltane i Guds rike. Kva var spesielt med Noah og som høver for oss?
.
A. Tida han levde i.
  Sterke ord er sagt om folket på Noahs tid. Og det er alltid folket som skaper tida. Me har alle eit ansvar for vår eiga tid, men ofte er det leiarane og fleirtalet av folk som skaper tidsånda. Før Noahs tid finn me m.a. Enok som vandra med Gud. Nå har fleirtalet forlete Han. v. 11. 5. 12.
.
  Slik vert det når folket vender seg frå Gud. Dei var vonde i hjarta, av natur. Dei synda i handling, med store og grove synder såvel som materialisme og verdslegdom. Då angra Gud at han hadde skapt verda. Det er den sterkaste reaksjon frå Gud si sida.  Det såg mørkt ut i verda då, og folk flest skjøna det ikkje.
.
B. Eitt unnatak.
  Det var eitt lyspunkt i verda, Noah. Ein liten flokk av rett­ferdige skilde seg ut. Idag er det dei kristne. Og dei er ein sterk kontrast til verda.
 .
 1) Han fann nåde.
Difor vart han berga. Nåde er ikkje eit uttrykk frå NT eller kristen tid. Det var kjend for Noah.
.
  For oss tyder det å verta frelst av nåde (Ef. 2, 8) det same som å verta Guds barn utan forteneste og utan å gjera noko for det.
.
  Kven er det som har bruk for nåden og søkjer nåden? Det er berre dei dømde, dei som er skuldige, syndarar og forbrytarar. Dei kan frikjennast og benådast.  Og Gud vil frelsa syndarar som erkjenner si synd. Ingen gjerning gjeld i Guds rike. Det er eit nåderike.
.
  Slik Noah var eit lyspunkt i si verd, er frelste syndarar nå.
.
  2) Noah var rettferdig, v. 9.
Han var ulasteleg, men ikkje i seg sjølv. I Hebr. 11, 7 er det sagt han var det ved tru. Gud tilrekna han rettferd då han trudde.
.
  Og det høver godt med orda i Rom. 4, 5: den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudeleg, han vert trua hans rekna til rettferd. Og det tyder at han får heile Guds rettferd som fri gåve. Han blir som Gud sjølv. Dei vert rettferdige ufortent av hans nåde. Det er klår evangelisk tale. Då kan du møta din Gud og har noko å vitna om for menneske.
.
  3) Han vandra med Gud, v. 9. Hebr. 11, 7.
Han er kalla den gudfryktige. Og det tyder at han levde med sin Gud kvar dag, som Enok før han, 5, 24.To ting må seiast om det her:
.
  a) Me må pleia vår sjel slik me steller lekamen vår med mat, næring og anna stell. Og Guds folk skal ta det til seg i bøna, ordet og samværet med Guds folk. Slurvar me med dette, vil sjelslivet ta skade og døy.
.
  b) Me må leva rett, ta Guds ord på alvor i dagleglivet vårt. Her er diverre mange slurvne kristne som lever på grensa til verda. Dei held ikkje alltid ord, er frynsete i pengesaker og pleier eit ureint tankeliv. Det ser ein av vitsar dei fortel og ler åt, bøker dei les og filmar dei ser. Det er ei skam for Guds rike. Å vandra med Gud er å vandra heilagt og rett sjølv om det kostar.
.
  4) Han var lydig mot Gud.
I v. 13 er det sagt at Gud talte til han - det viser han var lydhør og stille nok til å høyra det Gud sa. Mange er ikkje det nå. Gud behøvde Noah i si teneste. v. 14. 22.
.
  Salme 25, 14 seier at Herren har fortruleg samfunn med dei som ottast han. Difor vart han til hjelp for si samtid og fekk frelse nokre. Ja, han fekk hjelpa sin eigne til Gud. det gjeld ikkje alle av oss.
.
  Arken var Guds frelsesmåte. Berre der var han trygg. Og det er alltid slik: berre det Gud seier er frelse er nok. Noah tala og om domen som skulle koma. 2. Pet. 2,5.
.
  Nå har me ansvaret. Misjonsbefalinga i Mat. 28, 19 seier: gå ut i heile verda.. Er me på plass slik Noah var? Me skal som han åtvara mot domen som kjem - og visa folk den rette vegen - det er Jesus. Er du med der?
.