onsdag 7. april 2010

211) 2. Mos. 1, 8-22; 2, 23-25.


Israel i Egypt.

211) 2. Mos. 1, 8-22; 2, 23-25.

.
Israel er i Egypt, etter Josef og Jakobs kome, mange år etter. Nå var Israel ukjent. Deira situasjon er typisk for menneska - på minst tre måtar. Lat oss sjå på Israel i Egypt som eit bilete på folk flest, og serleg dei kristne.
.
1. Israel si naud.
Dei lei vondt og var trælar i Egypt i eit framand land. Dei bygde byar for heidningar, av murstein utan halm. Og dei måtte samla arbeidsmaterialet. Men alt blei verre, og mange døydde.
.
Men i kap. 1,17 og 21 les me: Jordmødrane ottast Gud. Dei skulle ta abort på kvinner, men var ulydige. Her viste dei stort mot med fåre for sitt eige liv. I 5. Mos. 4,20 er Egypt kalla ein jarnovn. I 1978-omsetjinga står det smelteovn. Det er bilete på synda og verda. Den øydelegg menneska åndeleg og menneskeleg.
.
Det endar i fortaping og ein evig brann om folk held fram på syndevegen. Synda kan nok vera søt i byrjinga, men det er trældom.
.
Jesus tala til religiøse menneske i Joh.8,34 Der seier han at dei som syndar, er synda sin træl.
I Hebr. 11,25 er tala om ei kortvarig nyting av synda. Synda bind folk med usynlege band og lekkjer. Dei vert sterkare for kvar dag.. Samson var bunden, Dom. 16.
Israel var i naud - og det gjeld oss alle. Rom.3,23 seier klårt at alle har synda.
.
2. Israel si bøn. 4.Mos. 20, 13-16.
Det var ikkje ritualbøn, men eit hjarteskrik. I si fortviling gjekk dei til Gud. Han viste dei veg, og då er det von. Det er alltid vegen i trengsla. Den er alltid open, telefonen er aldri oppteken, kontoret er stadig opent. Mat.7,7.
Og Gud høyrde! 2,23-24. Ropet steig opp til Gud. Han visste kva som skjedde. Det kom ikkje uventa.
.
Gud er lik nå: "Gud hører bønner i dag som før."
Hallesby sa: Bønn er å slippe Jesus inn.-  Og me syng nokre gonger: Jeg har så lun en hytte i bønnen med min Gud. Det er tallause bibelvers som talar om at Gud høyrer bøn. Gud vil berga sitt folk, men det er ikkje alltid det blir slik me hadde tenkt.
Salme 40,1-2; 34,7; 50,15; Mat. 7, 7.
.
3. Israel si berging. 2,25.
Gud såg til Israels-borna, og Gud kjendes ved dei. Då er dei trygge. Det er vår von, vår einaste redning i synda si mørke natt. Gud gjorde ei pakt med folket. Han kom dei ihug. Det er ei nådepakt. Då er alt av Gud og inkje av oss andre.
Jes. 55,3. Me skal berre høyra evangeeliet, og Gud gir oss av sin nåde, den rike.
.
Det er ikkje vår gjerning, og det er ikkje nok å gjera vårt beste.
Her gjeld berre Guds verk i Kristus. Det gjeld og det held i liv og i død. Det gir full forlating og oppreisning til eit nytt liv. Det gamle er borte, alt er blitt nytt. 2. Kor. 5, 17.
For deg som trur: gå til Jesus med di naud. Salme 32: eg sanna mi synd for deg og skjulte ikkje mi skuld, sa David. Og då frelser han.
.
Då tek han seg av oss. Heb. 2,16. Abrahams ætt tek han seg av. Då er du innafor nådepakta.
Er her nokon i naud? ”Her er han som kan løse hver syndebunden trell.”
.
I denne tida kom Moses som reiskap for Gud.
.