fredag 9. april 2010

215) 1. Mos. 21.


Patriarkene III. Isak.
215) 1. Mos. 21.

.
Etter Abraham er sonen hans Isak ein av patriarkane. Sjølv om han vart 180 år gamal, veit me igrunnen lite om han. Livet hans er fletta inn i Abrahams og Jakobs liv. Men han er og brukt som bilete på dei truande. Difor er det grunn til å studera han og sjå korleis vårt eige gudsliv er.
.
Matteus skriv i kap. 8, 11 at Jesus seier: "Mange skal koma frå aust og vest og sitja til bords med Abraham, Isak og Jakob i himmelriket." Å sitja til bords er uttrykk for åndeleg samfunn og ein einskap mellom menneske. Og det er her tala om livet i himmelen i æva. Isak skal vera med der, og me som trur skal vera saman med han.
.
Og Paulus skriv i Gal. 4, 28: "Men vi, brør, er born av lovnaden, liksom Isak." Her står altså at me er kristne og Guds born på same måte som Isak. Me fekk det ved Guds løfte eller lovnad. Gud hadde sagt det, og me fekk tru på han. Lat oss sjå litt nærare på korleis Isak var.
.
Kva seier Bibelen om Isak?
.
Lat oss først vera klar over at noko av soga om Isak er førebilete på Jesus. Men her skal me først sjå korleis Isak liknar på oss.
.
1. Hans fødsel var spesiell, kap. 21, 1. Herren såg til Sara, står det. I oms. 1978 heiter det:  Herren tok seg av Sara. Han måtte gjera noko spesielt for henne. Ho kunne ikkje få barn på naturleg vis. Gud måtte gjera noko stort og unaturleg og dermed guddommeleg for Sara. I kap. 18, 12-14 ser me at ho var vantru på dette området, ho tvila og lo av tanken på å skulle bli mor.
.
Gud måtte i sanning gripa inn, for her var all menneskehjelp nyttelaus. Og korleis greip han inn?
.
Ganske enkelt ved å gje henne og Abraham ein lovnad. Herren sa: Du skal få ein son, og du skal kalla han Isak. Kap. 17, 19. Det var eit sterkt ord der alt var vonlaust. Dette ekteparet hadde gått i 25 år og venta på barn, og fekk ingen ting. Og så kom det eit ord, eit løfte. Kunne dei stola på det?
.
Denne lange ventetida var ei førebuing. Gud ville prøva dei. Ville dei nå våga å tru Gud på ordet?
.
Og Abraham bestod på prøven.
.
Og Herren heldt ord. Isak vart fødd i rette tid. Sjå det fine ordet i kap. 21, 2: "Sara ... fekk ein son ... nett på den tid Gud hadde tala til han om." Gud er alltid nøyaktig med det han gjer.
.
Det var han også då Jesus vart fødd. Paulus kallar julenatta for "i tidens fylde", Gal. 4, 4. Det hadde kome mange lovnader om Messias, og det vart lenge å venta før Jesus kom. Men det var i rette tid - i Guds time. Slik er det og med oss. Me kan stola på at han aldri tek feil av tida. Den nye fødsel som skjer når me vert frelste, er eit slikt Guds under. Ingen ting i oss kunne brukast. Gud måtte gjera alt.
.
2. Isak vart plaga og spotta av Ismael. kap. 21, 9. Han fekk motstand av sine eigne, her ved halvbroren. Seinare opplevde Isak at han fekk problem med sine eigne søner. Og det viser at det var eit skilje mellom dei to gutane.
.
Resultatet var at Abraham måtte jaga Ismael bort frå seg. Dette tolkar Paulus som eit bilete på sanne og falske kristne, Gal. 4, 22-31. Isak er Guds folk, fødd etter lovnaden frå Gud og frigjort ved evangeliet om Jesu frelsesverk. Ismael er bilete på lovtrellen. Det er dei som vil frelsa seg sjølve og meiner dei er gode nok i seg sjølv. Her er i sanning eit mektig skilje. Det har alltid vore slik og vil verta slik alle dagar her på jorda.
.
3. Isak vart utfridd frå døden. Kap. 22.
.
det var også eit under. Og her gjaldt det den største prøven Abraham måtte gjennom. Var han viljug til å ofra sin eigen son når Gud bad han om det? Han kunne ikkje skjøna det. Heidningane gjorde det, men var hans Gud slik? Det kunne han ikkje forstå.
.
Slik lever ofte me. Gud sender og tillet noko som me ikkje kan forstå. Då kan me berre bøya oss for Gud og seia: Lat viljen din råda. Abraham sigra, han såg at Guds vilje var det viktigaste.
.
Det var ein prøve for Isak og. Han overlet seg i faren sine hender og let seg binda til altaret. Friviljug overlet han seg til døden og blei eit heilagt offer for Gud. Og då vart han utfridd ved eit under frå dødsdomen. Faren ofra ein vær i hans stad.
Dette vart som ei oppstode for han. Hebr. 11, 19. 1. Mos. 12, 5. - Me veit at dette hende med Jesus og.
.
4. Isak fekk ei brur. 1. Mos. 24.
.
Dei måtte henta henne langt borte frå, og det var tenaren Elieser som reiste etter henne. Men Rebekka måtte koma friviljug. Dei opplevde at det var hindringar, v. 55f.
.
Me oss er det slik at me får ein brudgom, for det er me som er brura. Åp. 19, 7 og 21, 9. Vår brudgom kom frå himmelen og tar oss ein dag heim til seg.
.
"Her gikk de under stor forakt, men se dem nå i deres prakt."
.
5. Isak svikta og synda. Kap. 26, 7.
Han gjorde akkurat det same som faren hadde gjort. Han laug om kona si for å berga seg sjølv. Han kalla henne søster si. Dette hende i Gerar. Abraham var også der og synda på same måte som sonen gjorde nå.
.
Det talar om svikt i oss kristne. Me er ikkje alltid pålitande. Truande menneske fell i synd og gjer det som er galt. Det viser så klårt at den gamle syndige natura framleis bur i oss. Og Isak fekk skam av det og vart oppdaga av heidningane. Opphaldet i Gerar enda med at kongen bad han reisa frå dei, v. 16.
.
6. Til slutt nå: Isak grov opp att nokre brønnar, kap. 26, 15 og 19-22 og 32f. Det som hadde hendt her var fylgjande: Abraham hadde grave brønnar fleire stader der han budde, for dei trong vatn. Fienden hadde så kasta jord i dei og øydelagt brønnen. Nå kom Isak og tok opp at det arbeidet faren hadde byrja. Han prøvde ikkje å laga andre og nye brønnar. Han gjorde som faren.
.
- Somme ser på dette som ei slags oppreising for Isak etter nederlaget i Gerar. Han gjekk i faren sine fotspor, og han var ein truande mann. Dette biletet er fint. Me treng ikkje nokon ny bodskap eller ei ny frelse. Me kan gå trygt i fotspora til fedrane.
.
Det lukkast for dei. Og det skal skj med oss óg - ved trua på Gud og Son hans, Jesus Kristus.
.