mandag 19. april 2010

233) 1. Mos. 3, 21.

Nye klær.

233) 1. Mos. 3, 21.
.
  Her har me eit førebilete på Jesus, sjølv om me ikkje treng sjå på det som ein direkte profeti.
.
  a) Det hende etter syndefallet og domen. I domen fekk alle ein dom.
.
  b) Mennesket såg dei var nakne, at dei har noko å skamme seg over og vil skjule seg, v. 7.8.10. Slik har det alltid vore sidan: folk er på flukt bort frå Gud. Kain vart ein av dei.
.
  c) Gud oppdaga det! Dei kunne ikkje skjula seg nok, avdi me alle er syndarar. Es. 1,6; 64,5; 28,20. Det er bilete på oss, difor vart dei redde. 3, 10.
.
  d) Grunnen var synd. Es. 59, 2: synda har gjort skilsmisse. Me maktar ikkje å løysa det problemet, trass i alle våre gode gjerningar skjelv me for Guds dom.
.
  e) Då kom Gud sjølv - med klær, v. 21. Det er eit vakkert bilete på frelsa. Her lærer me noko om frelsen:
.
  1) Gud tek initiativet, han tek til med frelsesverket. Årsaka ligg i himlen ikkje hjå oss på jord.
.
  2) Det viser Guds kjærleik og omsut for sin skapning. Han laga klær til dei ulydige. Joh. 3, 16 og 36.
.
  3) Ein måtte døy og slaktast for å gi klær. Gud kom med skinnkjo­lar, og det førutsette at eit dyr måtte slaktast og lata livet. Luther seier om dette ordet: det skal minna oss om døden. Det var det motsette av Eva som tyder livgjevande.
.
  4) Det er også eit bilete på Kristus og hans frelse.  Han måtte døy for å gi oss frelse. Åp. 5, 9. 1.Pet. 1, 18-19. Frelse er umogeleg utan død.
 .
 5) Dyret var uskuldig! Her ved porten til Eden flaut det uskuldig blod. Dyret hadde ikkje gjort noko galt som fortente død. Og dette måtte truleg minna Adam om hans eigen død, slik Gud hadde sagt 1. Mos. 2, 17. Gud meinte alvor med dette ordet. Syndaren skulle døy. Kanskje tenkte han då på dyret som sin stedfortredar?
  .
Kvifor hende dette? For å skjula dei, ta bort skamma. Slik kom Jesus utan synd som den fullkomne, Hebr. 4, 15. Men han ga sitt liv for å ta bort vår skam og synd.
.
  Det var altså frelse ved blod og død for dei første menneske - og for alle andre sidan. 1. Joh. 1, 7. Hebr. 9, 12. 22.
.
  6) Dyret vart ikkje drepen for å gi mat, men som offer, som M. Henry seier det. Det er første gong det er tale om offer og død i Bibelen - sjølv om det her berre er underforstått. Seinare kom det mange offer - alt i neste kap. Det siste offer i denne tydinga var Golgata.
.
  7) Gud kledde dei. Slik gir Gud oss frelsens kappe, Es. 61, 10. Vår rettferd er som ureine klær, Es. 64, 5. Frelsa er Guds rettferd. Rom. 3, 21-22 (19). Og den kan syndaren få ved å venda om og tru på Jesus.
.
  Er dette mitt? Har du fått det ved trua på Kristus? Joh. 14,6.
.