fredag 9. april 2010

216) 1. Mos. 12-16.


Patriarkane II. Abraham B.
216) 1. Mos. 12-16.
.
  Det står mykje om Abraham i Guds ord. Han var Guds ven, Jak. 2, 23. Alle truande er hans born, Gal. 3, 7. Abraham vart 175 år og døydde truleg ikr. år 1822 f. Kr.
  Me vil stansa ved eit par ting ved denne guds­mannen nå:
.
  1. Abraham si tru. Kap. 15, 6.
  Når Abraham vert kalla dei truande sin far, er det og noko med Abraham sitt eige trustilhøve som gjer det. Gud hadde lova han ein son, men det tok lang tid. År etter år gjekk utan at lovnaden vart oppfylt.  Likevel klynga han seg til Guds lovnad. Gud hadde sagt det skulle henda, og då ville det skje! Ordet frå Guds munn avgjorde det. Sara vart eldre med åra, men Abraham rekna med det umogelege: gamle Sara skulle føda. I heile 25 år venta han. Dei hadde sølvbryllaup då Isak kom.
.
  Dette var trua, Hebr. 11.
.
  Og den vart rekna han til rettferd, står det. Abraham vart frelst ved tru! Han hadde ingen gjerning som var god nok for Gud. Difor fekk han det ved tru. Rom. 4, 1-5.
.
  2. Abraham og Lot.
  Gud ba ikkje Abraham ta Lot med på reisa til Kanaan. Han var ikkje med i kallet han fekk. Det var ulydnad frå Abraham å ta han med. Han skulle dra ut frå slekta si, 12, 1. Og me ser straks at Lot vart eit problem for han. Og slik er det alltid. Der med er ulydige mot Gud, vil me få problem og vanskar. Me kan nemna tre hendingar som viser dette:
.
  I kap. 13, 7 les me om at hyrdingane til Lot og Abraham tretta. Dei vart ikkje samde om beite­markene. Då let Abraham Lot få velgja først. Tek du til venstre skal eg ta til høgre, sa han til venen sin, v. 9. Det viser Abraham sitt sinnelag, korleis han som eigentleg hadde retten, ga frå seg det andre ville ha. Og Lot tok det beste han såg!
.
  I kap. 14, 12ff les me om korleis heidningekong­ane tok Sodoma og dermed Lot som budde der. Då kjem Abraham og bergar han - med 318 mann mot 4 kongar og deira hærar. Gud var med avdi Abra­ham var i Guds plan.
.
  Og i kap. 18, 20ff finn me Abraham i bøn. Synda var blitt stor i Sodoma, og då venta domen. Og i denne byen budde Lot med sin familie. Og då ville Abraham hjelpa. Så går han i bøn - for dei ugude­lege! Spar byen for dei rettferdige si skuld, seier han. Så ser me korleis han forhandlar med Gud og går heilt ned til 10 rett­ferdige før han sluttar. Var det ti rettferdige, kunne byen bergast. Men då det ikkje lukkast, fekk han Lot berga ut ved ein spesiell redningsaksjon, v. 19.
.
  Slik var Abraham mot den mannen som hadde valda han sorg og viste sin egoisme. Og slik vil Gud bruka dei rettferdige, dei truande, til å hjelpa andre.
.
  3. Abraham blir prøvd.
  Fleire gonger møter Abraham prøver. Dette er ikkje freisting til synd i eigentleg meining. Det er meir ei testing av trua: er ho ekte? Me ser ofte at dei beste Guds born opplever dei sterka­ste prøvingane. Kanskje det ikkje er andre som tåler dei?
.
  Då Isak vart fødd møtte han dette. Det tok lang tid frå lovnaden vart gjeven til oppfyllinga kom. Det vart sagt på nytt fleire gonger. Prøvinga var dette: ville Abraham stola på Guds ord?
.
  Nå ser me at Abraham ikkje var fullkomen sjølv om han hadde ei sterk tru. Både han og Sara tvilte, kap. 16, 2. Dei ville hjelpa Gud ved at trelkvinna skulle føda eit barn til Sara. Det var vantru.
.
  Det er vanskeleg å stola berre på Gud og hans ord. Det var så vanskeleg at dei lo berre ved tanken på at det kunne skje.
.
  Ei anna prøving var ofringa av Isak, kap. 22. Det må vere den største prøvinga i livet hans.. Ein sers tung dag var det då han fekk høyre bodska­pen: gå av stad og ofra son din, v. 1. Det var jo denne guten alle lovnadane var knytte til. Han må nok ha kjempa ein sterk og hard kamp med seg sjølv før han tok av stad på den lange reisa.
.
  Men Abraham sigra nå. Han viste at han la alt i Guds hender og stolte på han. Han rekna endå med oppståa frå dei døde. Og då lærte denne Guds mann kva ei prøvd tru er, 1. Pet. 1, 7. Han gjekk heim att sterk med tillit til Gud. Men det kunne han - og me - berre få i prøvinga. Difor er prøvinga gull verd.
.