lørdag 3. april 2010

204) 2. Mos. 12, 8-11.


På reis.

204) 2. Mos. 12, 8-11.

.
Påske er utgang av Egypt.  Nytt år tek til for jødane då. Dei var berga ved blodet og lammet. Joh. 1,29. Dei skulle eta lammet, styrke på vegen og tenesta. Korleis skulle dei eta? Det er bilete på kristenlivet. På reisa til himlen treng me lammet, og om me skal vera til nytte for Gud.
.
1. Med usyra brød.
Sju dagar skulle dei eta det. Denne tida vert kalla ”dei usyra brøds høgtid”. All surdeig måtte bort, gamal deig kunne ikkje brukast. Nytt brød av nytt mjøl måtte bakast. Surdeig gjerer, dvs han råtnar, vert ’bederva’. Det grip fort om seg, til heile deigen er gjennomsyra. Litt surdeig er nok, den har ei veldig kraft i seg, den svulmar opp og viser godt igjen. 1.Kor. 5, 6.
.
Det er bilete på synd. Det er alt som ikkje harmonerer med Guds vilje og ord. 1. Kor. 5,7-8. Kristenlivet ein dobbelt tilstand:
.
a) Me ER usyra brød, v. 7. Det gjeld alle frelste i Kristus. Me er reine i Jesus, Joh. 15 ,3, ved ordet.  Å bli rein er å la Ordet tala om Jesu død om tilgjeving og ta imot. Det er vår "rett" hos Gud: å vera rein i Jesus.
.
b) På same tid skal det ureine reinsast ut, bli ny deig. Me treng stadig reinsing, for: det vil alltid finnast synd ved og i oss. Det går ikkje av seg sjølv. Kjøtet produserer berre surdeig, kvar dag.
Kva skal bort?
.
1) Gamal surdeig, dvs. alt som tilhøyrer det gamle livet i verda. v. 6: litt av det kan øydeleggja gudslivet. Småsyndene er farlegast. Djevelen kjem med listige angrep. Ef. 6,11.
.
 Han tek bort glede og fred, frimod og vitnemålet vårt. Då tek han livet. Hebr. 12,1 la oss leggja av alt som tynger og synda som heng så fast ved oss.
.
2) Vondskap og ugudelegdoms surdeig. Det er alle former for synd. Ef. 4, 31. allslags…. Skal vera langt borte frå dykk, likesom all vondskap. NT75: slutt med det. Sjå óg Jak.1,21:  1.Pet.2,1.
Alle former for synd må bort, små, store, grove, skjulte…Du må VILLE få dei bort. La deg ikkje bedra om at det ikkje er naudsynleg eller du maktar det ikkje. Jesus har all makt, får han bruka det på deg?
.
Det nye livet er usyra brød, utan noko surdeig.
.
a) Reinleik, vera ærleg. Ikkje berre i Kristus, men i livet. Me må stadig til Gud, OG leva meir forsiktig. Far som klokkar ba denne bøna i 30 år i kyrkja: "Forbetra meg kvar dag…" Usyra: det er å vera rein i blodet, og å leva det nye livet. Så fullkomen er frelsa. Hebr. 7,25.
.
b) Sanning er (1) å vera sann for Gud, gå med på alt han seier 1. Joh. 1,7.
.
(2) Me skal óg vera sann overfor oss sjølve: Me må ikkje bortforklara synda eller unnskylda den. Me kan ikkje skulda på omstendighetar eller andre menneske.
.
(3) Me skal leva eit rett liv for andre, gjera opp det gale. Det er Guds krav.
Lammet skal etast, det er samfunnet med Gud. Surdeig og lammet kan aldri sameinast. For då vil surdeigen alltid vinna! Den øydelegg lammet.
.
2. Med bitre urter. Det tyder liding og smerte som kristen. Det minner om to ting her:
a) Trolldomen i Egypt, 13, 3. Dei skulle alltid hugsa den tida, kor dei kom frå og kva dei kom frå. Det tyder for oss synda og verda. Me skal aldri gløyma vårt gamle liv. Tit. 3,3; Ef. 2,11. Me har ingen rett hos Gud, alt er av nåde. Det er viktig. Det skal dei bitre urtene minna oss om, slik at me ikkje vert hovmodige.
.
b) Vandringa i øydemarka, det livet dei nå gjekk til. Livet mellom Egypt og Kanaan - er på ein måte eit bilete på kristenlivet. Ef. 6, 11-12 talar om ein kamp mot Satan. Rom 12, 1-2. Kjøtet vil ikkje lida eller gjera Guds vilje. Difor blir du ikkje fornya, kjøtet tillet ikkje at Guds vilje blir prøvd i ditt liv, eller få kontroll over det. Kampen mot kjøtet og syndene er bitter, og somme vik unna her.
.
Den som ikkje tar dei bitre urtene saman med lammet, blir snart kald, teoretisk og matlei, dvs. ein hyklar. Det går an å eta lammet feil, til skade for seg sjølv. La oss vera nøye, med surdeigen – han lyt bort.  Og med bitre urter, takka Gud for dei, dei leier oss til Kanaan. 13,8: til minne om det Herren gjorde for meg.
.
3. Reiseklar, v. 11. Med belte om livet, sko, stav i handa skulle dei dra ut frå Egypt. Og dei måtte gjera der i hast. Det var naudsynleg.
Dette er ei evig lov, v.17. Det kom dom over dei om surdeigen vart att, v.15: Dei var utstøytte frå Israel, overgjevne til seg sjølv i øydemarka. Det tyder den visse død. Kap. 12,15. 19-20; 13,7. – lat det tala til oss i dag óg: Me er på reis, mot eit anna land.
.