tirsdag 6. april 2010

209) 2.Mos. 2, 23-3, 14.


Ved tornebusken.

209) 2.Mos. 2, 23-3, 14.

.
Israel var i Egypt i mange år, som trælar og leid vondt.Det er bilete på synda og verda, som endar i fortaping. Moses var på flukt i Midian. Nå møtte han Gud i tornebusken. Det er bilete på Israel i trengsle – og på Guds folk.
.
Dette hende på Sinai - der lova skulle gjevast seinare. Tornebusken var ei openberring av Gud, korleis han var og om Israel. Det var ei ny og uvanleg hending. Det sette merke i Moses og gav ny kraft. Livet fekk ny retning, han vart utrusta til livsoppgåva. Moses skulle føra Israel ut or trældomen. Då trong han dette møtet. Han fekk ei ny personleg erfaring med Gud. Og det er ei veldig kraft i livet. Kva fekk han sjå:
.
1. Han såg ein levande Gud, v. 2.
Gud tala ut or den brennande tornebusken. Og det var ikkje ein ny Gud, det var den gamle frå Abraham si tid og seinare, v. 6. Jfr. Apg. 7,30 - Stefanus, og Mark.12,26f.
.
Menneska vil avskaffa Gud, dei trur ikkje lenger på han. Han er til bry for mange, difor  må han bort. Dette ser me i TV, lovverket, skulen og privat. Mange reknar ikkje med Gud, det er materialisme.  Som 1.Kor. 15,32: Lat oss eta og drikka for i morgon døyr me.

Men Gud lever i dag! Gud viste det for Israel, ofte, ved dom og straff. Det same må vårt folk sjå.
.
2. Ein evig Gud, v.14.
Tornebusken brann ikkje opp - det gjeld Israel som folk - og Israels Gud. Nå fekk han høyra namnet: Gud ER. Og det tyder nett at han lever, er til, han er ikkje tidsavgrensa. Og han kan ikkje forandra seg. Slik han var før er han nå. "Den Gud som var på Mose tid, er likedan i dag." Gud er ikkje snillare nå enn i GT. Hebr. 13,8 seier at Jesus er den same - der tilhøva i GT er nemnde. Og i Jak. 1,17 står at det ikkje er noka endring hjå Gud. Jesus sa mange gonger: Eg er ¼(særleg i Joh.). Då viser han truleg til dette namnet i 2.Mos. 3. Det kan ikkje uttalast rett og vert berre skrive JHVH. - Denne Gud er vår Gud.
.
3. Han er ein heilag Gud, v. 5.
Ta skoa av, sa Gud - du er på heilag grunn. Og me er alltid det når me kjem inn i Guds nærleik.  Han løynde andletet. Det var ei sterk oppleving. Eit menneske kan ikkje sjå Gud og leva. Det fekk Moses oppleva, 2.Mos. 33,20. For han tåler ikkje synd. Han er 3 gonger heilag, som Jesaja opplevde. Jes. 6. Og i Jes. 5,16 heiter det: Han syner seg heilag ved rettferd. Han er rettferd og vil ha rettferd også hjå oss.  Me må læra at Gud er heilag, me veit det ikkje av oss sjølv, av natur. 3.Mos. 19,2 og 1.Pet 1,16.
.
4. Gud vil frelsa, v. 7ff.
Det opplevde Moses her. Gud fylgjer med oss, veit korleis me er. Nå har han stige ned og vil føra dei ut or Egypt. Midt i at han er heilag vil han hjelpa dei syndige.  Det er ekte kjærleik. Han vil frelsa det fortapte. Luk. 19,20. 1.Tim.2,4. Her ser me Jesu verk. Han tok våre synder. Me kan berre ta imot.
.
5. Då trong Gud hjelp, v.10.
Han måtte ha eit sendebod. Han skulle hjelpa sitt eige folk som var i naud.  Difor kalla han Moses.
.
6. Tornebusken eit bilete på Israel i Egypt.
Det var i naud, i brann, i stor trengsle. Busken var liten og forakta. Men den brann ikkje opp! Israel vil alltid bestå. Slik er det også med Guds menighet. Mat. 16,18. Gud vil bevara sine i trengsla, og føra oss ut i rett tid. Me har ein levande Gud, som vil frelsa - Norge og Israel og hedningane.
Men han treng faktisk hjelp - ved vårt vitnemål. I ord og liv og gjerning kan me vera hans vitne.
Dette møtet med Gud endra Moses, han blei ein mektig leiar. Kvifor? Han bøyde seg, 4,18, trass i innvendingar. Så fekk han hjelp av Guds stav, 4,20 (17).
Må me også få litt av brannen, leva nær Jesus så me aldri sloknar.
.