fredag 16. april 2010

227) 1. Mos. 8, 1-12.


På Ararats berg.
227) 1. Mos. 8, 1-12.
.
  I dette kapitlet les me om arken som stansar på Ararat, og korleis det gjekk til at folket kom ut på tort land igjen.
.
  I v. 1 står det at Gud kom i hug Noah. Han visste om han heile tida, men nå openberra han seg. Trua hans vart prøvd. I arken må han ha kjent seg åleine, overleten til seg sjølv. I 5 månader var det slik.  Heile verda var som ei einaste våt grav.
.
  Korleis kunne dei tru at dei skulle bli berga? Var det ikkje mest rimeleg at dei nå såg enden i møte og at all von var slutt. Kva kunne dei bygga si tru om ei berging på?
.
  Det Gud hadde sagt. Guds ord var grunnen. Dei hadde berre Guds lovnadar å leva på. Men kvifor hadde Gud vore taus så lenge?
.
  Han ville læra det tålmod, læra dei å bia på Herren. Noah skulle læra å tru der han ingen utveg såg. Og det kan vere vanskeleg. David sine ord skulle bli hans røynsle: Einast i von til Gud er mi sjel stille. Salme. 62,2.
.
  Men så skjedde noko. Gud let ein vind blåsa over jorda og vatnet turka opp. Arken stansa på fjellet Ararat - ein trur det var i Armenia der Ararat ligg nå. Det har vore mange leiteaksjonar i områda der for å finna arken.
.
  Då ville Noah sjå - om alt var i orden, om landet var turt og dei kunne gå ut. Kva hende då?
.
  1) Først sende han ut ein ramn. Det er ein åtseletande fugl som ikkje ser etter det reine og fine. Han flaug over vatnet til han fann ein stad å setje seg. - Dette kan stå som bilde på det verdslege sinn, som nøyer seg med det syndige og ureine. Ramnen kom ikkje attende til arken. Mange menneske har det slik. Dei har eit kjødeleg hjarta som ikkje finn kvile i verda men likevel er i verda. Dei finn ikkje fred midt i all overflod og verdslegdom. Men dei kjenner på sakn og tomhet avdi livet utan Gud er ulukkeleg i røynda. Dei gudlause har ingen fred, seier Ordet (Es. 48, 22).
.
  2) Dinest sende han ut ei due. Men ho fann ikkje ro og kom att til arken. Noah rakte handa ut og tok imot henne. Dua er den reine og sarte fugl som aldri kan bli tilfreds i denne vonde verda. Slik er ho eit vakkert bilde på den søkjande sjel og dei kristne. Som kompassnåla alltid vender attende mot nord, må Guds folk til Han med si naud. Den fortapte sonen vende heim att til far, Luk. 15. Det er vegen. "Kom som Noahs due, kom igjen til arkens trygge bo."
.
  3) Så sende han dua ut for andre gong. Men også nå kom ho att om kvelden. Men denne gong kom ho med ei friskt oljeblad i nebbet. Og det fortalde Noah at Gud var trufast mot sin lovnad. han heldt ord. Landet hadde turka ut, og oljetreet vaks i dalen. Han visset nå at det snart var tid å gå ut av arken.
.
  4) Endå ein gong sende han dua ut. Sikkert stod han med spaning og venta ettersom dagen gjekk mot slutten. Men inga due kom. Nå hadde ho funne sin kvilestad. Det var turt og reint i dalen og ho kunne leve der.
.
  Slik er Guds born. Dei finn ikkje kvile i det verdslege og ureine. Dei må til Gud. Men ein dag er tida i arken og reise over havet slutt. Då er dei framme i den grøne himmel. Då er me evig trygge og lukkelege.
.
  Noah opna glaset. Han gjekk ikkje ut med ein gong. Han hadde tid å venta på signal frå Herren. Han venta i to månader (8,14). Då sa Gud: gå ut!
.
  Tenk ingen var døde i arken. Alle var trygge og alle vart berga heilt fram. Slik tek Gud seg av sine i trengselstider og naud.
.
  Så gjekk dei ut - til fridom og nytt liv. I heile 7 månader hadde dei budd i arken. Nå fekk dei landet attende etter straffed­omen frå Herren Gud.
.
  Det første Noah gjorde var å bygga eit altar. Gud befalte det ikkje. Han gjorde det friviljug. Det syner Noah sitt gudelege sinn. Der ofra han til sin Gud av dei dyra som var att i arken. Det var takk for hjelpa og som soning for synda. Begge deler høyrer med i vårt gudsliv.
.
  Då fekk han ein lovnad: aldri meir skal dette henda, v. 21. Han fekk regnbogen som teikn på Guds pakt og truskap, 9, 16.
.
  Likevel: domen er ikkje teken bort. Den kviler over verda. Men den er utsett til enden, då skal alt samlast opp til eit siste oppgjer med heile verda.
.
  Er du mellom dei som er med då?
.