lørdag 3. april 2010

203) 2. Mos. 15,1-3.


LOVSONG
203) 2. Mos. 15,1-3.

Israel var komen gjennom Rødehavet, og var då berga frå Egypt. Då song Moses og folket. Songen har alltid hatt stor plass i Guds rike. Men den var ikkje tillært eller kunst (sjølv om det er verdfullt). Det var erfart og sjølvopplevd. Då er innhaldet MITT. Nå seier folk: eg har laga ein låt. Dei gamle songane vart fødde, ofte i naud og motgong, som Brorson sine.
.
Denne songen skal vera i himlen. Op. 15. Der syng dei! Dette viser samanhangen i Guds rike, GT og NT og æva. - Det er den første song i Bibelen - om frelse, motsett verdens tomme og tøysete songar.
.
Her handlar det om Herrens gjerningar og Herrens frelse. Det er det Gud har gjort for sitt folk. Korleis han har ført oss til himlen. "Kan du synge den nye sangen…", syng me på møta. - Det talar om kvifor du er der. Det vert æva sin song. Me skal synga lammets pris. "En evighet blir ei for lang til ham å prise med vår sang."
.
Kva er Mose sang? v. 1-2.
.
Byrjinga av denne songen lyder slik:
Eg vil lovsyngja Herren, for han er høgt opphøgd. Hest og ryttar kasta han i havet.
Herren er min styrke og min lovsong, Han vart til frelse for meg!
Han er min Gud, og eg vil prisa han, Gud åt far min, og eg vil opphøgja han.
Herren er ein stridsmann, Herren er namnet hans.
.
Han blei meg til frelse. Det er hovudsaka for oss óg.

1. Om utfriing.
Israel var utfridd frå Egypt, slaveri, synd, trældom, verda, Han var frelst ved lammet sitt blod. Guds veldige makt berga dei, og gav fridom. - Jesus frelste oss, det er hovudsaka. Vår frelse er frå synd og dom og evig død. Me eig ei åndeleg, evig frelse. Har det vitnemålet stilna hjå oss?
.
2. Om siger over fienden, 14,5f.
Egyptarane fylgde etter dei. Farao ville ha dei til slavar, utbytta dei, han venta fordelar. Israel var inneklemt: mellom egypterane og havet.  Dei var overgitt til døden, dei kunne aldri vinna siger sjølve. Israel var nok redd, v. 10f. Dei mangla tru, og mange ville attende til Egypt. Dei var redde og knurra. Moses tala sterkt til dei: Ver ikkje redde! Stå fast! Sjå frelsa frå Herren, v. 13f. Dei skal få sjå korleis Gud grip inn. Berre overlat alt til Gud. Han er mektig.

Det er også vår song om Guds hjelp i nauda. HAN sigra for oss. Det var ikkje Israel som sigra, men Gud.  Op. 12,11.
.
3. Om Guds under, v.22.
Dei opplevde serleg to under på vegen som me stansar for nå.
.
a) Sky-og eldstøtta, v. 19. Gud viste veg og verna dei, støtta stod mellom dei og fienden.
Slik var det seinare under heile ørkentida: Støtta lyste om natta og viste veg når dei reiste. Det var teikn på at Gud var nær, han ville ikkje svikta dei. Denne boka avsluttar med dette  attersynet: ”Når skya lyfte seg frå tabernaklet, braut Israels-borna opp. Slik gjorde dei på alle ferdene sine. Men når skya ikkje lyfte seg, braut dei ikkje opp, men venta til den dagen då ho lyfte seg att. For Herrens sky låg over tabernaklet om dagen, og om natta  lyste ho som eld, for augo på alle Isarelsborna på alle ferdene deira.” 4. Mos. 40,36-38.
.
Det sa Herren også til Paulus: Apg. 18,10: Eg er med deg. Og profeten seier det same: Ver ikkje redd, for eg er med deg. Jes. 41, 10. Dette var også den siste lovnaden Jesus gav læresveinane: Sjå, eg er med dykk alle dagar. Mat. 28, 20. Det gjeld oss alle som trur. "Hele veien går han med meg."
.
b) Dei gjekk gjennom havet, ved eit under. Herren rydda bort kvar hindring. ”Herren dreiv havet bort,” skriv Moses, 14, 21. Det blei til dom for egyptarane. Ein frelsesdag blei domsdag. I vers 28. 30. 31 ser me korleis Moses skildrar sigeren og kva det førte til for egyptarane. Dette vart songen i kap. 15.
.
Kva er vår song - her i livet og der i æva?
Jo, i Openberringa kap. 15 er han kalla både sonegn åt Moses og songen åt Lammet. Både Mose og Jesu gjerningar var store og underfulle, Op. 15, 3. Nå handlar det om lammet som døydde, som tilgav alt, bevarte oss gjennom heile livet. Har nokon av oss tapt den songen? David måtte be denne bøna då synda fekk makt i livet hans: Salme 51, 14 gje meg igjen…
.
Vegen attende er på kne, med tårer og bøn om tilgjeving og oppreising. Gled dykk i Herren, Fil. 4, 4. Han er vår store gledesgrunn!
.