mandag 19. april 2010

231) 1. Mos. 4, 26.

Bøna byrjar.

231) 1. Mos. 4, 26.
--------------------
.
  Dette hende etter syndefallet. Då var det behov for å ropa til Gud. Seinare ser me at andre og gjorde det, t.d. Abraham 12,8; 13,4.
.
  Men dette er første gong at bøna er nemnd i Bibelen. Seinare har Guds folk vore eit bedande folk. Ja, kvar menneske på jord er eit bønemenneske. Spørsmålet er kven dei ber til.
.
  Nå kan det vere trong til fornying nett av bønelivet vårt. Som i Israel er det fråfall frå den levande Gud. Dei gløymde Gud. Jeremias sa: Forny våre dagar så dei blir som før.. Klag. 5, 21.
.
  Korleis er vårt bøneliv nå? Treng det fornying? Begynte du ein gong som eit bønemenneske? Men - korleis gjekk det? vart det rituale utan verkeleg trong og liv. Er bøna vår glede, forvent­ning - eller berre plikt? Du veit me ser ikkje på klokka når me er hjå koselege vener der me likar oss. Det skjer derimot i ein kjedeleg skuletime eller foredrag o.a.
.
  Me høyrer ofte når det er tale om bøn: Eg har prøvd, men det vart mislukka. Det nyttar ikkje for meg å be. Eg har gått trøytt. Det skjer ikkje noko, me får ikkje svar.
.
  Med det er ein av dei viktigaste skansar tapt i kampen mot Djevelen. Den vonde kan då lett innta deg.
.
  Me ser t.d. ved talen om rustningen i Ef.6, 18 at bøna er nemnd. Me skal kle oss i heile rustningen, og heile tida vere i bøn: idet de ber - alltid. Så legg han til: og for meg. Me skal be med all bøn og påkalling og vere årvakne i bøna med all trott og bøn for alle...
.
  Er det vårt bøneliv? Kjære kristne ven: lat oss stilla spørsmå­let inn i samvitet vårt: korleis er eigentleg vårt bøneliv når me samanliknar det med Guds ord? Me treng ikkje bli loviske om me stiller slike spørsmål. Det er ein del av ransakinga og dermed fornyinga.
.
  Me finn fleire slag bøn i Guds ord. Lat oss vere stille for dei ei stund.
.
  1. Naudrop.
Det er den bøna der det er om å gjera. Du må ha svar. Snart. Det er viktig. Sjå Luk. 18, 1-8. Det må vere dette David meiner i Salme 50, 15: kalla på meg den dag du er i naud. Når me får ein slik nødens dag, blir det også nødrop i hjarta.
.
  a) Dette gjeld bøn og frelse - frå eit brennande helvete og den evige dom. Og så bli berga inn i den salige himmel der Guds kjærleik rår. Som når du er på eit skipsvrak ved forlis. Då diskuterar du ikkje med menneske om korleis det best kan skje eller kven du vil blir berga av. Det er berre ein ting som er viktig då: du må til lands. Og når det blir naud i di sjel og du ser di synd kor ho stenger for Gud, kjem ropet i sjela: Herre, frels, eg går under. Salme 107. Salme 42,1.
.
  b) Slik er det og i all den naud me kan møta. Det kan vere sjukdom, sorg eller anfekting. Hvis det verkeleg er om å gjera for deg, går du inn til Gud og seier: skje din vilje. Men mange søkjer først og fremst og berre menneskeleg hjelp. Bøna blir berre ein klage til Gud eller diskusjon om kor urettvist alt er for deg. Den rette bøna aksepterar Guds veg og plan. Hvis me stansar her, blir ikkje bøna det den var tenkt til.
.
  2. Forbøn.
Dette er bøn for andre - både dei som aldri kan be rett avdi dei er ufrelste og heidningar, og for Guds folk. Her er ingen som Jesus sjølv som endå bad for sine fiendar i dødsstunda. Gud tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer, sa han. Og me ser at den kristne Stefanus hadde lært den same bøn (Apg. 7). Slike bønemenneske grip tak i Guds lovnadar for dei som har vraka dei. Det er arbeidet i bønelivet. Stefanus viser oss at me kristne bør kome dit at me liknar og elskar folket. Det er urett av oss å kasta frå oss eit menneske som ser forherda ut. Kva veit me om det?
.
  a) Me kan be for våre kjære, slekt og vener og naboar. Dei ligg oss nærast på hjarta. Kanskje er det vanskelegast å tala med desse om Gud. Då har me vegen opp til Gud med dei. Her er vår daglege misjonsmark i andaktsstunda vår og elles om dagen. Nemn dei ved namn og tigga Gud og forlenga nådetid.
.
  b) Me kan be for misjonen - for forkynnerar og leiarar. Her kan me leggja bygd og by fram for nådetruna og be om gjestingstid over landet. Her er mange trøytte kristne og. Kan me ikkje nemna dei for Gud. For alle dei heilage, sa Paulus. Ef. 6, 19.
.
  c) Misjonærar og nasjonale evangelistar ute på felta er og bøneemne. Me som ikkje kan reisa ut kan vera misjonær på kne. Dei er vårt ansvar på den måten. Her er verkeleg oppgåver nok for einkvar bønekristen. Kor mykje me har svikta på dette feltet?
.
  d) Nokre gonger får me "minningar" utanom det vanlege. Me skal ikkje vere overspente her. Men den som lever nær sin Frelsar vil utvilsamt merka når nokon er i serleg naud og me må inn i ei bønestund. Far min skreiv til meg om det ein gong. Han var sers nøktørn i all si ferd og let seg sjeldan rive med av stemning. Men ein gong var eg i ei spesiell naud der eg ikkje visste kva eg skulle gjera. Det var strid med andre kristne, og eg såg ingen utveg. Då fekk eg brev ein dag frå far. Han skreiv han vart slik minna om meg ei natt han ikkje fekk sova. Han måtte be for meg slik at eg vart utløyst.  Han visste ingen ting om det eg streid med. Men Gud hadde minna han om det. Då eg seinare kom heim, kom dette opp og han fekk svar på kvifor han kjende slik naud den natta.
.
  Lat oss lage bønelister over dei me skal be for, for ikkje å gløyme dei. Det er ei god påminning om ei slik teneste.
.
  3. Takk
er ein del av bøna. Den, sa dei gamle, held døra open. Paulus seier slik: Ver trottuge i bøna, så de vaker i henne med takkseiing, Kol. 4,1. Har du ikkje noko å takke for? Ta til og noter ned dei ting du kjem på som Gud har gjeve deg. Lag liste over alle velgjerningane Gud har synt deg. Lista blir kanskje lenger enn du hadde tenkt.
.
  4. Lovprising og tilbeding
er me lite vane med i vår samanhang. Men det står ofte om det i samband med bøn. Etterat det er tale om å be i nauda, seier David: og du skal prise meg. Salme. 50, 15. Då takkar me ikkje berre Gud for det me får, men for kva Han er. Me har lov til å prisa Jesus for all hans nåde mot oss. Gud er god mot sine, ja mot heile verda. Det treng ikkje bli overåndeleg og ekstatisk av den grunn. Det har med bøn i Anden å gjera (Jud. 20) og eit takksamt sinn for den store, store frelsa frå Gud.
.