onsdag 7. april 2010

210) 2. Mos. 2,1-6; 11-15; 3,1-6. Hebr. 11,23-27. .


Moses

210) 2. Mos. 2,1-6; 11-15; 3,1-6.

Hebr. 11,23-27.

.
Moses var ein reidskap til å berga Israel ut or Egypt. Men han var uferdig. Han måtte ha hjelp, bli utrusta og leia på rett veg. Israel var i naud, men Gud trong hjelp! Moses var mannen til det. Her skal me stansa litt for denne mannen.
.
1. Moses sin barndom.
Han vart berga ved eit under. Alle gutar skulle kastast i Nilen. Her blei foreldra brukt av Gud. Han var vakker for Gud, Apg. 7,20.

Dei var ikkje redd straffa, men gøymde han. Og dei overlet han i Guds varetekt, i ei korg.
Gud hadde ein plan med guten. Han ville bruka Moses - då veit han alltid veg.
.
2. Moses sitt val. Hebr. 11,24f.
Han var nå blitt vaksen, 40 år gammal. Han vaks opp i heimen til Farao og gjekk i skule der. Slik fekk han opplæring i all den visdom og kunnskap som vari Egypt. Moses var med andre ein lærd og kunnskapsrik ung mann.
.
Men han nekta å kallast Faraos dotterson, dvs. bli stor i denne verda. Han visste at han tilhøyrde Israel, slavefolket i Egypt. Som barn vart han amma av mora og heldt truleg kontakt med folket sitt seinare óg. Då fekk han nok høyra om fedrane, Abraham, Isak og Jakob og andre.
.
Tida kom då han måtte velja side. Han kunne truleg bli ein ny Farao, eller i alle høve få ein av dei høgaste stillingane i landet, ettersom han var oppforstra hjå dotter til Farao. Kva skulle han nå gjera, som vaksen? Då valde han heller liding saman med folket sitt, enn ei kort nyting av syndelivet i Egypt. Han akta Kristi vanære for større enn skattane i Egypt. Det tyder: Livet med Gud er rikare enn alt i verda. Det er vår veg.

Det var eit enten eller for Moses. Josva 24,15: Vel i dag kven de vil tena. 1. Kong. 18,21: Kor lenge vil de halta til begge sider. Elias på Karmel.
.
3. Han prøvde å berga og hjelpa Israel. 2, 12.
Moses meinte det godt då han slo egyptaren i hel, og trudde det var rett. Men han misforstod. Ikkje alt me trur er rett. For Moses prøvde å gjera noko på kjøteleg vis, og i eiga kraft. Mange går feil her.

Jødane sjølv vart redde, v. 14. Dei kunne nå få represaalier av Farao. Difor måtte han flykta, han var den skuldige. Så drog han austover mot Sinai. Han vart i øydemarka i 40 år. Der skulle han bli rensa, lutra og bli prøvd. Mange må lida av sine feilgrep i livet, og betala for si synd menneskeleg.
.
4. Moses møter Gud. kap. 3.
Då han var 80 år gamal, fekk han eit kall. Nå møter han Gud i tornebusken, den brann ikkje opp.
Då vart Moses liten, audmjuka, og hadde lita tru på seg sjølv. 3,11. For då møtte han ein levande Gud, ein heilag Gud, ein frelsesgud, og fekk eit kall til teneste.
.
Me legg merke til at Moses var viljug å gå då han gjekk i kjøtet, men motet svikta då Gud kalla. Slik er mennesket. I møte med Gud Herren blir me så små.
.
Slik er ofte eit rett kall i dag også. Slik kjem den same Gud til oss nå. Han treng viljuge vitne, i kvardagen, i offer og arbeid. Men ikkje dei som går i eiga kraft og stormot. Gud brukar ikkje englar eller fullkomne menneske. Men han gjer bruk av frelste syndarar, som har møtt den levande Gud!
.