lørdag 17. april 2010

230) 1. Mos. 5, 21-24.

Enok.

230) 1. Mos. 5, 21-24.

-----------------------
.
  Det står fortalt om mange personar i Bibelen, også i Mosebøkene. Dei gir oss korte glimt om folk - og viser kven og korleis eit Guds barn skal vera. Kain drog bort frå Herrens åsyn, 4, 16. Hjå han seira synda. Jabal 4, 20 vart ættefar til dei som bur i telt. Det er beduinerane. Jubal er ættefar til dei som spelar på harpe (lyre) og fløyte - altså musikarar.
.
Og i v. 26 ser me at dei tok til å be. Det er den første bøna i Bibelen. Det var etter fallet, og då var det behov for å be til Gud. Slik var det med Abraham 12,8: han bygde eit alter og kalla på Herrens namn. Bøna er naudsynleg for oss. Den er vårt åndelege pust. Det vart fråfall då Israel slutta å be hjartebøna. Treng me og ei fornying her?
.
  Ein person trer nå fram i lyset: Enok eller Hanok. Det er litt mystikk over han - den 7. frå Adam. Namnet tyder den innvigde eller lærdom. Fire ting skal nemnast om han her:
.
  1. Jesu stamfar.
Han var Jesu stamfar til Jesus på morssida. Luk. 3, 37.
.
  2. Vandra med Gud.
Som Noah vandra han (gjekk) med Gud. Det tyder eit intimt fellesskap med himmelens Gud og Herre. Dette er den første som det er sagt om i Bibelen. Han levde midt i ei syndig verd og var det eine lyset i mørke. Han levde i lyset med eit rett liv for Gud.
.
  Skal me vandra med Gud, må me sjølv vere rett omvendt til Gud, fødd på ny ved Guds ord og Ande. Ein sann kristen let Gud få førsteplassen i livet sitt. Det er å leva i Guds velbehag og til Guds æra. Og det tyder at me lever etter Guds ord der Guds vilje fins. Me må tenkja og handla bibelsk i alt. La Bibelen styra tanken og med det ord og vilje. Vandringa med Gud er ikkje ei kjenslesak. Det gjeld livsførsla.
.
  Enok visste ikkje så mykje - dei var utan Bibel då. Men han levde etter det lyset han hadde. Meir skal ikkje krevast av oss i dette. Det er viktig i vårt liv, slik Fil. 3, 16 seier: lat oss berre så langt me er komne, halda fram i same sporet.
.
  Men me har heile Guds råd i Bibelen. Spørsmålet er om me tek det på alvor?
.
  I 300 år levde han slik. Han heldt ut om det ikkje alltid var lett. Hyklarane er berre med i solskinn og fint vær.
.
  3. Tektes Gud.
Enok var til hugnad for Gud, Hebr. 11,5. Gud var nøgd med han. Det var faktisk Guds vitnemål om denne mannen! Tenk å få ein slik attest.
.
  Er det mogeleg? Fins det nokon som tekkes Gud?
.
  Det er ikkje mogeleg av oss sjølve. Gud vil aldri bli nøgd med våre liv eller noko av det me sjølv gjer. Orda i Jes. 43, 24 står fast slik: Du har berre plaga meg med dine synder.
.
  Kvifor står det då slik om Enok?
  Han levde i tru.Hebr. 11,6. Utan tru er det umogeleg å tekkjast Gud. Våre beste prestasjonar er ikkje gode nok. Men ved tru kan me ta imot alt det Gud har gjort og er. Hans rettferd vert vår. Og den er fullkomen. Då tekkjes med Gud. Rom. 3, 22. 24.
.
  Dette skal og visa att i vårt daglege liv - både privat og i vår ferd mellom menneske og på arbeid. 1. Tes. 4, 1.
.
  4. Bortrykt.
Enok vart bortrykt og borte frå jorda. Gud tok han opp til sin himmel. Han døydde ikkje ein vanleg død, men gjekk rett heim til himmelen. Og dette skjedde før syndfloda. Slik gjekk det og med Elias.
.
  Dette er eit bilete på Guds folk: i den siste tida skal dei takast heim til Gud, bort frå trengsel og naud på jord. 1. Tes. 4, 16-17. 1. Kor. 15, 52. Judas skriv at Enok spådde: Herren kjem med sine heilage englar i tusental. Altså har soga om Enok noko med den siste tid å gjera. Han såg fram til opprykkinga, og vart sjølv eit døme på det.
.
  Då er Guds folk heime, evig trygge i hans himmel.
.
  Er du rede til det?
.