tirsdag 6. april 2010

206) 2.Mos. 5-11.


Plagene i Egypt.

206) 2.Mos. 5-11.

.
Plagene i Egypt - var pga motstanden mot Guds folk og hans sak. Gud sende 10 plager for å audmjuka Farao og visa kor maktlause hans gudar var. Dei syner kampen mellom det sanne og det falske. Plagene auka i styrke og intensitet.
.
Dei fire første var til skrekk og åtvaring. Dei var ubehagelege men ikkje fårlege.
Vatn vart til blod, frosk, mygg, floger. Dette var avgudar i Egypt og kunne ikkje hjelpa dei.
Dei neste fem plagene var ein direkte fåre: Det var pest, byllar, hagl, grashoppar og mørke. Dei råma berre egyptarane.  Nå skulle dei sjå at ingen av deira guder kunne hjelpa dei.
Då erkjente Farao synda, 9,27 og 10,16.
.
Når faren blei stor, bad han. Han var redd. Men hjarta hans var ikkje rett og knust for Gud. Det er mange slike nå og.
.
Då kom den 10. plaga: alle førstefødde i Egypt skulle døy. Det var siste anledning. Då ga Farao etter, han let folket fara.  I kap. 12,32 sa han: Be godt for meg! Det var reint hykleri.
For anledningen var slutt for Farao. Han hadde forherda seg. Då skjer noko: kap. 7,3: Gud forherda han.
.
Han forherda seg sjølv først ved å handla mot betre vitande. Han synda fleire gonger. Det er vegen til forherding.
.
Gud tillet oss å tura fram ei tid, og så kjem straffa. Me kan motstå Gud, sjølv om han åtvarar oss. Rom. 11,25; Ef. 4,18; Rom 9,17f; Mat 13,14; Jes 6,9.  Men Gud tvinga fram ei avgjerd, han viste ansikt.
.
Judas er eit anna døme på dette. Han var med i flokken og gjorde gode miner til slett spel. Han blei rekna som ein av oss. Apg. 1, 17. Men Satan for inn i han.  Han pleidde å ta pengar, tok litt etter litt noko. Det er forherdinga: ei indre gradvis utvikling. Det er å vera døv for sanninga i sitt liv. Samvitet har ikkje lenger nokon plass og røysta stilnar av.
Det er synd og spott mot Den heilage Ande.
.
Gud forherdar oss ved å tvinga fram ei avgjerd frå vår side. Difor forherdar me oss sjølv ved å seia nei til Guds kall og tale.
.
Kva med Moses her? Kva gjorde han? Forakta han Farao, hånte han, var kald og dømande?
Moses var tolmodig. Kom igjen og igjen og bad: lat folket fara.
Og han tala sanninga utan å vera redd. Hebr. 11,27. Han ottast ikkje som om han såg den usynlege! Det er løysing. Å vita at Gud er der. Så tala han om dom og straff og stod fast ved ordet.  Slik er ein sann Herrens tenar.
.
Men også Gud var tolsam. 10 gonger fekk farao ein sjanse.
Kva med vårt folk? Har dei forakta Gud så lenge, at det er tid for forherding?
Me må be for vårt eige folk - det er på avgrunnens rand.
.

DEI TI PLAGENE:
1. Vatnet i Nilen vart til blod (av utsjåande) (kap. 7,14-25). Egyptarane tilbad Nilen som gud (Hapi), og blod var ein styggedom for folket der. Difor viser dette fyrste underet at deira gudar var maktlause i møte med Jahve. Synd fører stor forbanning med seg. For i tillegg var Egypt avhengig av Nilen – både drikkevatn (og vask) og for å vatna jorda i Nilen-deltaet.
.
2. Frosk som straff (8,6-15) (gml.: frøer). Frosken var tilbedd som symbol på skaparmakta i Nilen, men vart her til ei plage.
.
3. Mygg (8,16-19). Alle vart angripne, inklusivt prestane. Lova forbaud dei å stå for altaret så lenge det var mygg der. Dermed stansa all gudsteneste opp. Spåmennene til farao var dei fyrste som innsåg og erkjende at ein annan Gud var der, v. 19.
.
4. Floger (8,20-32). Egyptarane sin gud mot floger, Ba’al Sebub, skulle verna dei mot dette, men var maktlaus. Her kjem unnataket: Gosen vart spart. Sjå det fine verset i v. 23: ”ei frelse til skilje”. Og her kjem Faraos vedgåing (kompromis), han bed om forbøn, v. 28. Farao fekk varsel på førehand, v. 20.
.
5. Pest på kveget (9,1-7). Alle slags kveg vart angripne i heile Egypt. Dei heilage tempeloksane (Apis) vart tilbedne som gud, vart òg sjuke. Difor vart sjølve guden deira sett ut av funksjon. Men dyra til israelittane gjekk fri.
.
6. Byllar (9,8-12). Dett er den fyrste plaga som direkte rammar egyptarane sjølv. Til og med spåmennene fekk byllar, så dei måtte gje opp. Herren forherda Farao. Ingen varsel.
.
7. Hagl (9,(13)18-35). Heile grøda øydelagd, sjå Salme 78, 47-48. Salme 105. Farao sannar si synd for fyrste gong (9,27). Men erkjenninga hans gjekk ikkje i djupna, men var hykleri. ”I naud ropar folk på Gud!” 
.
8. Grashopper (10, 1-20). Dei egyptiske gudane kunne ikkje hjelpa her heller. Alle planter vart øydelagde. Landet vart utarma. Farao vedgår for andre gong og sannar synd. Tenarane pressa på: Lat dei fara!
.
9. Mørke (10,21-29). Sola var ein hovudgud for egyptarane (som i mange religionar). Faraos vedgåing for tredje gong. Men han var ikkje audmjuka nok.
.
10. Dei fyrstefødde døydde (11, 5 – 12,1-). Farao gjev seg utan vilkår – for fyrste gong, men for seint! Den største av alle plagene. Israel var grusomt undertrykt – og Egypt fekk ei sterk straff: Alle fyrstefødde drepne – frå kongen til trælar og buskap.
.
- Farao var sjølv ansvarleg for ulukkene. Han forherda seg av di han ikkje ville bøya seg for Guds vilje. Det førte både til straff over Egypt og at Herren forherda Farao.
.