Høyr Herrens ord!
Jer. 22, 29.
(både på nynorsk og bokmål.)
.
Den gråtande profet talar her, midt i ei fråfallstid i Israel (Jer. 22,29). Han ser framover og veit at Gud vil senda ei hær og ta folk og land. Jerusalem skal bli øydelagt og folket blir ført bort til eit framand land, til Babel. Det hende endeleg i 586 f. Kr.
Jeremia fekk kallet til å åtvara folket og be dei venda om att til Gud.
.
I slike tider har Herren ofte sendt ein spesiell reiskap for å berga folket. Det er som om Han må ta kraftig i for å frelsa nokre i ein slik generasjon. Boka hans fortel om eit stygt og alvorleg fråfall.
.
Det gjorde han då Martin Luther vart kalla. Folket og prestane var opptekne med gjerningskristendom og dermed lovtrældom. Luther forkynte at alt er av nåde ved tru på Kristus. Då får du ei fullkomen rettferd frå Gud.
.
. Hans Nielsen Hauge levde i ei tid med massekristendom der alle var kristne når dei var i kyrkja. Hauge reiste land og strand med bodskapen om omvending til Gud til eit personleg kristenliv. Det var viktig då.
.
Carl O. Rosenius levde i Sverige på 1800 talet i ei tid med lovisk kristendom. I Noreg hadde nok mange eit slikt kristensyn og nokre var kanskje trælar under lova. Rosenius forkynte ein frigjerande bodskap om forsoning i Jesu død og blod. Ved tru kunne dei bli fri frå lov og gjerningar og ta imot ei full og heil frelse.
.
Korleis er det nå? Kva treng folk i Noreg å høyra nå? Kanskje det er ein bodskap folk ikkje vil høyra? Ofte er det slik: Det me eigentleg treng, vil me ikkje ha.
.
1. Ordet om Gud.
Folk har tapt trua på Gud. Det er meir behageleg å leva utan Gud. Folk lever i dag som om det ikkje finst nokon Gud. Det er utruleg kva folk kan slå seg til ro med i vantru.
.
Difor må folk i dag høyra at Gud er til. Ingen slepp unna Guds auga. Sjølv om folk nektar å tru på Gud og meiner han er død, vil dei likevel stå til ansvar for han som skapte alle. I 1957 kom det ut ei bok med tittelen: Ingen går fri. Eg kjøpte denne boka, det var ei roman om dei siste dagar i Europa med ein storkrig som skulle koma. Den var så total at ingen slapp unna og gjekk fri raseriet. Slik blir det.
.
Ved Sinai hende det at Moses vart lenge oppe på fjellet hjå Gud. Då sa folk til Aron: Lag oss ein gud som kan dra framføre oss. Det var gullkalven som då vart til. 2. Mos. 32, 23.
.
Det har Noreg gjort. Mange har ein sjølvlaga gud, og det er eigentleg dei sjølve. Folk vil gjera som dei vil når dei vil. Slik er dei blitt sin eigen avgud.
.
I Salme 14 står det om at dåren seier i hjarta sitt: Der er ingen Gud! Det er eit risikofylt tankeeksperiment. Like fårleg var det biskop Robinson gjorde i 1963 då han forsvarte Gud-er-død-teologien. Seinare kom han faktisk til den erkjenning at han hadde teke feil. Det er fint når folk er ærlege.
.
Nei. Gud lever. Land, land – høyr det, seier Ordet.
.
2. Synd.
Synd er eit lite ord. Men det inneheld eit stort alvor. Og det har mange skjøna, og dei seier rett ut: Ikkje tal om synd, me vil ikkje høyra om det.
.
Profeten tala om synd. Han namngav synda. Det er alltid aktuelt. Me må ikkje utrydda omgrepet synd. Om ikkje folk blir klår over sin syndetilstand, blir dei ikkje frelste.
.
Syndefallet drog heile slekta ned til kanten av avgrunnen og inn under domen. Men me er alle syndarar i dagleglivet i stort og i smått. Me ser òg at mange tar lett på synda og tenkjer at det er ikkje så farleg. Dei unnskylder og bortforklarar mykje av det dei gjer. Det kan gjelda råkøyring, steling, banning, hor, homofili, abort, sløv i gudslivet og falsk toleranse for det som er ”på kanten” av sanninga, som ein kallar det.
.
Jo, me må sanna at Noreg og Europa m.m. fløymer over av synd. Jes. 30, 1 skriv slik: dei legg synd til synd. Det må tyda at synda veks i styrke og omfang. Men Gud seier til oss alle: Forkynn folket deira synd, Jes. 58, 1. Me skal altså tala om synd til folket. Ve den prest og predikant som ikkje gjer det og er for ”snill”.
.
Esekiel var i Babel om lag på denne tida, midt i heidenskapen. Han seier slik: Forkynn all styggedomen, kap. 22,2. Han har òg desse alvorlege orda: Når du ikkje åtvarar den gudlause for ferda hans, vil eg krevja blodet hans av di hand. Kap. 33, 8. Det vert eit alvorleg oppgjer for oss som talar Ordet. Folket vårt må få høyra at dei er syndarar for Gud – nå.
.
3. Frelsesvegen.
Men då må folket òg få høyra om ein frelsesveg bort frå synda. Jesus er den einaste veg til Gud og hans himmel, Joh. 14, 6.
.
Her er det somme som fuskar. David gjorde det ei tid. Han sa: Eg tidde, Salme 32, 3. Han ville skjula si eiga private synd, bortforklara henne og gjera svart til kvitt. Men omvending er å ope sanna og vedkjenna seg si synd. Det skriv Jeremia om fleire gonger.
.
Til fem av dei sju sendebreva i Åp. 2-3 kjem ordet om omvending. Såret må lækjast om trua skal vera sann. Eg trur det er mykje ureint mellom folket, også mellom dei som ber Kristi namn. Og det må ordnast opp i dersom folket skal vera på frelsesvegen. Johannes skriv om å ferdast i lyset, 1. Joh. 1, 7. Då er alt openberra for Gud, og nokre gonger for menneske. Slik ser me at ordet om omvending som veg til frelse går gjennom heile Skrifta.
.
4. Etikken.
Me møter nokre gonger folk som vil ha trua på Gud, men ikkje leva etter Guds vilje. Det gir seg mange ulike utslag. Etikken er liksom vårt eige bord. Her kan me bestemma.
.
Kan me det? Guds ord har sterk tale og avgjerande ord om etikk og moral. Det tyder i praksis vårt daglegliv. For anten det gjeld trua sitt innhald eller livet i kvardagen, er Guds ord forpliktande. Det er ikkje det eg synest er bra eller meiner er rett, som gjeld. Det er heller ikkje det som fungerar i vår tid, som det heiter. Det dei fleste gjer, kan aldri vera målestokk for Guds folk.
.
Gjerningane til kjøtet er openberre, skriv Paulus i Gal. 5, 19ff. Dei fleste slike gjerningar er moral, nokre få er religiøse. Om alle seier apostelen: ”Dei som gjer slikt, skal ikkje erva Guds rike,” v. 21 b. Slike ord må me ta på alvor. Her gjeld det lutherske prinsippet: Sola Scriptura: berre ved Ordet. Dette må folket vårt høyra i vår tid.
.
5. Æva.
Folk flest er mykje opptekne med dette livet. Det er rett. Me skal skjøtta vår livsgjerning så godt me kan. Likevel kan det bli feil. Både artistar og teologar står fram og seier: For meg er himmelen eller helvete her på jorda. Det har litt med inflasjon i språket å gjera. Ordet helvete er blitt eit mest dagleg uttrykk for ulukker og sjukdom og stress hjå folk. Når noko uvanleg kjem på, er det straks ei helvete for dei.
.
Eg tykkjer i grunnen synd på slike menneske. For desse orda høyrer ikkje til her i verda. Dei tilhøyrer æva. Og der er det to stader. Slik er det anten folk vil tru det eller ikkje. Og då tykkjer eg synd på folk som gjer kva dei kan for å gløyma det som ligg bak død og grav.
.
Jesus sa eit underleg ord i Joh. 5, 28: Dei døde skal høyra, står det. Og dei skal stå opp frå grava – til æveleg frelse eller æveleg dom. Då vil mange sjå alvoret for seint.
--
Bokmål:
.
Hør Herrens ord – igjen!
.
Den gråtende profet taler her, midt i en frafallstid i Israel (Jer. 22,29). Han ser fremover og vet at Gud vil sende en hær og ta folk og land. Jerusalem skal bli ødelagt og folket blir ført bort til et fremmed land, til Babel. Det hendte til slutt i år 586 f. Kr.
.
Jeremia fikk kallet til å advare folket og be dem vende om til Gud.
.
I slike tider har Herren ofte sendt et spesielt redskap for å frelse folket. Det er som om Han må ta kraftig i for å frelse noen i en slik generasjon. Boken hans forteller om et stygt og alvorlig frafall.
.
Det gjorde han da Martin Luther ble kalt. Folket og prestene var opptatt med gjerningskristendom og dermed lovtrelldom. Luther forkynte at alt er av nåde ved tro på Kristus. Da får du en fullkommen rettferdighet fra Gud.
.
Hans Nielsen Hauge levde i en tid med massekristendom der alle var kristne når de var i kirken. Hauge reiste land og strand med budskapet om omvendelse til Gud til et personlig kristenliv. Det var viktig da.
.
Carl O. Rosenius levde i Sverige på 1800 tallet i en tid med lovisk kristendom. I Norge hadde nok mange et slikt kristensyn og noen var kanskje treller under loven. Rosenius forkynte et frigjørende budskap om forsoning i Jesu død og blod. Ved tro kunne de bli fri fra lov og gjerninger og ta imot en full og hel frelse. I Danmark var det noe av det samme.
.
Hvorledes er det nå? Hva behøver folk i Skandinavia og andre land å høre nå? Kanskje det er et budskap folk ikke VIL høre? Ofte er det slik: Det vi egentlig trenger, vil vi ikke ha.
.
Noe av det nødvendige budskapet nå er:
.
1. Ordet om Gud.
Folk har tapt troen på Gud. Det er mer behagelig å leve uten Gud. Folk lever i dag som om det ikke finnes noen Gud. Det er utrolig hva folk kan slå seg til ro med i vantru.
.
Derfor må folk i dag høre at Gud er til. Ingen slepper unna Guds øye. Selv om folk nekter å tro på Gud og mener han er død, vil de likevel stå til ansvar for ham som skapte alle. I 1957 kom det ut en bok med tittelen: Ingen går fri. Jeg kjøpte denne boken, det var en roman om de siste dager i Europa med en storkrig som skulle komme. Den var så total at ingen slapp unna og gikk fri raseriet. Slik blir det.
.
Ved Sinai hendte det at Moses ble lenge oppe på fjellet hos Gud. Da sa folk til Aron: Lag oss en gud som kan gå foran oss. Det var gullkalven som da ble til. 2. Mos. 32, 23.
.
Det har Norge gjort. Mange har en selvlaget gud, og det er egentlig seg selv. Folk vil gjøre som de vil når de vil. Slik er de blitt sin eigen avgud.
.
I Salme 14 står det om at dåren sier i ssitt hjarta: Der er ingen Gud! Det er et risikofylt tankeeksperiment. Like farlig var det biskop Robinson gjorde i 1963 da han forsvarte Gud-er-død-teologien. Senere kom han faktisk til den erkjennelse at han hadde tatt feil. Det er fint når folk er ærlige.
.
Nei. Gud lever. Land, land – hør det, sier Ordet.
.
2. Synd.
Synd er et lite ord. Men det inneholder et stort alvor. Og det har mange forstått og de sier rett ut: Ikke tal om synd, vi vil ikke høre om det.
.
Profeten talte om synd. Han navngav synden. Det er alltid aktuelt. Vi må ikke utrydde begrepet synd. Om ikke folk blir klar over sin syndetilstand, blir de ikke frelst.
.
Syndefallet dro hele slekten ned til kanten av avgrunnen og inn under dommen. Men vi er alle syndere i dagliglivet i stort og i smått. Vi ser også at mange tar det lett med synden og tenker at det er ikke så farlig. De unnskylder og bortforklarer mye av det de gjør. Det kan gjelde råkjøring, steling, banning, hor, homofili, abort, sløvhet i gudslivet og falsk toleranse for det som er ”på kanten” av sannheten, som man kaller det.
.
Jo, vi må erkjenne at Norge og Europa m.m. flommer over av synd. Jes. 30, 1 skriver slik: de legger synd til synd. Det må bety at synden vokser i styrke og omfang. Men Gud sier til oss alle: Forkynn folket deres synd, Jes. 58, 1. Vi skal altså tale om synd til folket. Ve den prest og predikant som ikke gjør det og er for ”snill”.
.
Esekiel var i Babel omtrent på denne tiden, midt i hedenskapet. Han sier det slik: Forkynn all styggedommen (vederstyggeligheter), kap. 22,2. Han har også disse alvorlige ord: Når du ikke advarer den gudløse for hans ferd, vil jeg kreve hans blod av din hånd. Kap. 33, 8. Det blir et alvorlig oppgjør for oss som taler Ordet. Folket vårt må få høre at de er syndere for Gud – nå.
.
3. Frelsens vei.
.
Men da må folket også få høre om en frelsesvei bort fra synden. Jesus er den eneste vei til Gud og hans himmel, Joh. 14, 6.
.
Her er det noen som fusker. David gjorde det en tid. Han sa: Jeg tidde, Salme 32, 3. Han ville skjule sin egen private synd, bortforklare den og gjøra svart til hvitt. Men omvendelse er å åpent bekjenne og erkjenne sin synd. Det skriver Jeremia om flere ganger.
.
Til fem av de sju sendebrevene i Åp. 2-3 kommer ordet om omvendelse. Såret må helbredes om troen skal være sann. Jeg tror det er mye urent blant folket, også mellom de som bærer Kristi navn. Og det må ordnes opp i hvis folket skal være på frelsens vei. Johannes skriver om å vandre i lyset, 1. Joh. 1, 7. Da er alt åpenbart for Gud, og noen ganger for menneske. Slik ser vi at ordet om omvendelse som vei til frelse går gjennom hele Skriften.
.
4. Etikken.
Vi møter noen ganger folk som vil ha troen på Gud, men ikke leve etter Guds vilje. Det gir seg mange ulike utslag. Etikken er liksom vårt eget bord. Her kan vi selv bestemme.
.
Kan vi det? Guds ord har sterk tale og avgjørende ord om etikk og moral. Det betyr i praksis vårt dagligliv. For enten det gjelder troens innhold eller livet i hverdagen, er Guds ord forpliktende. Det er ikke det jeg synes er bra eller mener er rett, som gjelder. Det er heller ikke det som fungerer i vår tid, som det heter. Det de fleste gjør, kan aldri være målestokk for Guds folk.
.
Gjerningene til kjødet er åpenbare, skriver Paulus i Gal. 5, 19ff. De fleste slike gjerninger er moral, noen få er religiøse. Om alle sier apostelen: ”De som gjør slikt, skal ikke arva Guds rike,” v. 21 b. Slike ord må vi ta på alvor. Her gjelder det lutherske prinsippet: Sola Scriptura: bare ved Ordet. Dette må folket vårt høre i vår tid.
.
5. Evigheten.
Folk flest er mye opptatt med dette livet. Det er rett. Vi skal gjøre vår livsgjerning så godt vi kan. Likevel kan det bli feil. Både artister og teologer står frem og sier: For meg er himmelen eller helvete her på jorden. Det har litt med inflasjon i språket å gjøre. Ordet helvete er blitt et mest daglig uttrykk for ulykker og sykdom og stress hos folk. Når noe uvanlig kommer, er det straks et helvete for dem.
.
Jeg synes i grunnen synd på slike mennesker. For disse ordene hører ikke til her i verden. De tilhører evigheten. Og der er det to steder. Slik er det enten folk vil tro det eller ikke. Og da synes jeg synd på folk som gjør hva de kan for å glemme det som ligger bak død og grav.
.
Jesus sa et underlig ord i Joh. 5, 28: De døde skal høre, står det. Og de skal stå opp fra graven – til evig frelse eller evig dom. Da vil mange se alvoret for sent.
.