tirsdag 30. mars 2010

201) 2. Mos. 15, 22-27; 17,1-6.


Vatn.
201) 2. Mos. 15, 22-27; 17,1-6.
.
Israel var på vandring i øydemarka, etter utgangen av Egypt.  Dei gjekk gjennom Sivsjøen, og hadde sett Herrens makt. Egypt var slått, fienden drukna. Då song Israel ein ny song, kap. 15: Moses og Israel song. Og denne songen blir også songen i himmelen. Åp. 15,3.
.
- Nå skal dei gå vidare. Då opplevde dei mykje, det er bilete på kristenlivet. Denne ferda var Guds skule for Guds folk. Les om Israel, og der finn du deg sjølv. Dei fekk hjelp og naudsynlege åtvaringar og refs. Me må læra å bøya oss under Guds tankar og vilje, sjølv om me ikkje skjønar alt.
.
1. To gonger mangla dei vatn.
Det var livsnaudsynleg. Vatn er eit stort problem i øydemarka med brennande sol. Hadde dei tillit og tru til Gud? Dei hadde nettopp sunge lovsongen, kap. 15,11: Kven er som du? Likevel knurra dei, ved Mara og Refidim. Hadde dei ikkje lært noko av det dei hadde opplevd med Gud så langt?
.
Kvar gong dei møtte vanskar og problem, kom klagesongen. Kor lite det ofte skal til, av små timelege bekymringar før folk klagar og gjev Gud skulda. Hadde dei gløymt Guds nåde? Er Gud død? Det hende både i Mara, kap. 15, og ved Refidim kap. 17. Dei hadde sett Guds nåde fleire gonger. Kvar gong gjekk dei til Moses. Kor fann han løysinga? Dette kan læra alle leiarar i Guds rike noko om vanskelege dagar i Guds rikes arbeid.
.
2. Moses bad.
Kvar gong gjekk han til Gud og bad for folket. For Moses kjende sin Herre og Gud. Han hadde både age og tillit til Han. Ingen kan leia Guds folk utan det. Det er absolutte føresetnader i Guds rike.
.
Ofte må ein Herrens tenar på kne for sitt folk. Han må gå inn i bønekamp. Folket bad ikkje til Gud, dei klaga. Dei tenkte jordisk og verdsleg, på eit behageleg liv. Vatnet var bittert! Det er syndelivet i lengda. Slik blir det for dei misfornøgde.
.
Men det var ein annan mann der, Moses. Han visste veg: bønevegen. Der hadde han gått mange ganger gjennom mange år. Då la han alt i Guds hender. Det er vegen. Berre der ligg sigeren.
.
3. Kva gjorde Gud? Han gav dei eit middel, ein måte å løysa det på. Han gjorde det ikkje enkelt eller ein gong for alltid. Gud stakar ut ein veg når han skal hjelpa oss. Det skjer ikkje av di det er den einaste måten Gud kan gjera det på. Gud har mange måtar.
.
Ei viktig side ved dette er at folket skal læra noko. Gud vil framom alt sjå om me vil fylgja ordet hans. Han veit at det er uttrykk for tru og tillit. Først av alt ventar han det av oss.
.
4. I Mara.
Den første gongen dette hende var i Mara. Folket hadde gått i tre dagar utan å finna vatn. Då dei kom fram, var vatnet beiskt. Dei kunne ikkje drikka det. Herren skulle læra dei noko heile vegen, og her skulle dei sjå noko stort.
.
Då folket knurra, ropa Moses til Herren og ba på den måten om hjelp for folket. Det måtte han forresten gjera mange gonger. I kap. 15, 25 står det då at Herren viste han eit tre. Det er Gud som må visa oss vegen ut or vanskane. Og det er underlege stunder når Gud slik får syna oss noko nytt og stort.
.
Her fekk Moses sjå eit tre. Kunne det vera til noko bytte når vatnet var beiskt? Slik tenkjer menneskevitet. Det ser ikkje ut til at Moses tvilte på det Gud sa eller tenkte at det nytta ikkje. Han tok ganske enkelt trestykket og kasta i vatnet.
.
Då hende eit under. Og det hende av di Moses fylgde Guds ord. Vatnet vart godt. Der sette han lov og rett, og der prøvde han dei, står det. Det som såg umogleg ut, det brukte Gud. Og ofte gjer han det slik når han skal hjelpa oss. Hvis me ikkje trur på Guds metodar, får me heller ikkje sjå frukter av dei. Det er når me tek Gud på ordet og let han gjera det umoglege, at Gud grip inn. Slik arbeider trua.
.
5. I Refidim.
Strekninga frå Mara til Refidim var ikkje meir enn ikr. 10 norske mil i luftline. I mellomtida hadde dei fått manna og kjøt frå himmelen til mat. Under på under hende i øydemarka. Men i Refidim var det ikkje vatn. I den glodheite varmen trong dei det.
.
Då tretta folket med Moses, kap. 17, 2. Dei trudde dei ville døy i øydemarka, og det var Moses si skuld. Han hadde leda dei dit.
.
Igjen måtte han til sin Gud og spurte med undring: Kva skal eg gjera med dette folket? Og igjen ville Gud svara med eit under. I slike tider er det berre Gud som kan gje svar, og det svaret er eit under frå himmelen.
.
Ta staven og slå på fjellet, sa Gud. Han knytte ein lovnad til dette ordet: Då skal det flyta vatn ut frå berget. Og Moses var lydig. Han gjorde det Gud sa. – Det står ikkje at det hende slik Gud hadde sagt. Men me må gå ut frå det, ettersom Gud aldri svik ordet sitt.
.
– Det ser me og i 4. Mos. 20, 1-13. Då var folket kome til Kadesj og mangla vatn. Men då sa Gud: Du skal berre tala til berget, og då kjem vatnet. Den gongen var det Moses som var ulydig – han slo slik han hadde gjort tildegare. Likevel let Gud dei få vatn, men det var her Moses synda slik at han ikkje fekk koma inn i Kana’an – Josva skulle føra folket inn i landet.
- - Me treng både mat og drikke på himmelferda. Og Gud gjev oss det ved sitt ord. Det er vår åndelege mat, Mat. 4, 4. Lat oss reisa vidare på himmelevegen på den reisekosten!
.